Envold de Falsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Envold de Falsen

Fødd17. oktober 1755
København
Død16. november 1808 (53 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkelyrikar, advokat, embetsmann, diktarjurist, skodespelar, omsetjar, skribent
Utdanna vedKøbenhavns Universitet
FarChristian Magnus De Falsen
EktefelleHenriette Mathiesen
BarnChristian Magnus Falsen, Valentin Falsen, Jørgen Conrad de Falsen
Alle verv
  • medlem av regjeringskommisjonen (1807–1808)
  • justitiarius (Overhoffretten, 1788–1789) Sjå dette på Wikidata

Envold de Falsen (17. oktober 175516. november 1808) var ein norsk embetsmann, politikar og diktar, fødd i Danmark. Han var far til Christian Magnus og Valentin Falsen.

Envold Falsen var inngift i «rikmannsklassa» i Christiania. Åra 1777-88 var han assessor i overhoffretten i byen. Dei to siste åra, 1786-88, var han medlem i Lofthuskommisjonen og skreiv sjølv innlegga frå kommisjonen. Der etter var han 1789-91 lagmann i Nordlandene og Finmarken. I 1793 skreiv han ei avhandling for eit norsk universitet.

Falsen var mykje oppteken av teater. Han var ein dugande amatørskodespelar. På 1790-talet var han med å skipe eit teaterselskap, og forfatta sjølv fleire dramatiske verk.

Frå 1802 var Falsen justitiarius i Akershus stiftsoverrett til han døydde i 1808. I 1807-08 var han den drivande krafta i Regjeringskommisjonen. Han var då redaktør for det offentlege bladet Budstikken, der han i «fyndig og eldfull stil mana folket til mod og nasjonalkjensle». Falsen var ikkje nervesterk, gjorde sjølv ende på livet sitt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]