Enzo Finger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Enzo Finger
Enzo Finger. Foto Norsk Form.JPG
Fødd 1. mai 1955 (67 år)
Sveits
Yrke frimerkekunstnar, grafisk designar
Enzo Finger på Commons

Enzo Finger, eigenleg Heinz Finger (fødd 1. mai 1955 i Sveits) er ein sveitsisk-norsk grafisk designar.

Finger byrja 16 år gammal som elev på Kunstgewerbschule i Zürich. Han flytta til Noreg i 1976 og jobba først for Bruno Oldani. I 1982 skip han sitt eige firma, Enzo Finger Design, med kontor i Drøbak.[1]

Han har laget grafisk profil for flere store verksemder: Kloster cruiserederi, Flytoget, Alpharma, Universitetet i Oslo og Oslo 1000 år. Han er også ansvarleg for fleire frimerkeutgjevingar sidan 1994, blant anna Prinsessedåpen, Posthorn, Oslo lufthavn Gardermoen, Norges Fotballforbund 100 år og 100 års markering av Nobels fredspris.[2]

Han har fått Merket for god design 12 gonger frå 1994 til 2005, for grafiske profilar og for frimerke,[3] Gullblyanten i 1989, 1990, 1991 og 1992, pris i Årets vakreste bøker i 1989 og 1991, Visueltprisen fleire gonger frå 1993 til 2004, og har vunne fleire konkurransar om minnemynter i regi av Norges Bank. Då han fekk Jacobprisen for 2005 sa juryen at han «har satt sitt preg på norsk design med sin personlige og elegante stil og sine avstemte farger. Det fremheves at hans arbeider er uavhengig av trender og hippe tendenser i bransjen. Enzo Fingers fokus er på kundene og det å finne de komplette visuelle svar på deres problemstillinger.»[2] Han har, som den tredje nordmann, vært medlem av AGI – Alliance Graphique Internationale, siden 1993.[4][5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Offisielt nettsted». 
  2. 2,0 2,1 Aftenposten, 8.9.2005; Jubelkveld for unge formgivere
  3. norskdesign.no[daud lenkje] Søk i designpriser
  4. a-g-i.org, arkivert frå originalen 2012-01-26, henta 13. oktober 2018 
  5. Rolf Karlstrøm. «Møte med Enzo Finger : vår nye AGI'er» I: Visuelt, nr 4, 1992