Epoke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ein epoke er eit tidpunkt då ein ny utviklingsfase, ei ny tidsrekning eller ein historisk periode byrjar, t.d. då Roma vart grunnlagd, Kristi fødsel osv. Det vert òg nytta om avgrensa avsnitt i historia, kjenneteikna av viktige hendingar. Desse hendingane som særpregar eit tidsrom og skil dei ut som eigne epokar, vert kalla epokal.

Ein astronomisk epoke er eit tidspunkt som er valt som fast referanse, t.d. byrjinga av ei tidsrekning, medan ein geologisk epoke er eit tidsavsnitt i historia til jorda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]