Likskapsteikn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Er lik)
Ein kjend likskap med likskapsteiknet, «to pluss to er like fire».

Likskapsteiknet, med symbol =, er i hovudsak eit matematisk teikn som tyder er lik.

Praktisk kan det forklarast ved at det som står til venstre for likskapsteiknet har like stor verdi som det som står til høgre for teiknet.[1]

Det vart introdusert i 1557 av den walisiske matematikaren Robert Recorde.[2] Han grunngav teiknvalet sitt med at «ingenting er så likt kvarandre som to parallelle linjer». Teiknet vert uttalt «er lik» i bruksområde som i (x er lik y).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Likhetstegn hos Skolenettet.no, arkivert frå originalen 4. januar 2007, henta 12. januar 2012 
  2. Robert Recorde hos FamousWelsh.com, arkivert frå originalen 2. juni 2006, henta 12. januar 2012