Erhard Keller

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Erhard Keller


Statsborgarskap Deutsches Reich, Vest-Tyskland, Tyskland
Fødd 24. desember 1944 (79 år)
Günzburg
Idrett lengdeløp på skeiser
Tok del i

Skeise-VM 1966 for menn, Skeise-VM 1967 for menn, Skeise-VM 1969 for menn, Skeise-VM 1970 for menn, Skeise-VM 1970 i sprint-firkamp, Skeise-VM 1971 i sprint-firkamp, Europameisterskapen på skeiser 1969, EM på skøyter 1970, menn, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1968 – 500 meter herrer, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1972 – 500 meter herrer

Utmerkingar

Hall of Fame des deutschen Sports

Erhard Keller (fødd 24. desember 1944) er ein tysk tidlegare skeiseløpar frå Günzburg i Bayern som tevla for Vest-Tyskland. Han vart olympisk meister på 500 meter både i 1968 og 1972, og i 1971 verdsmeister i sprint.

Erhard Keller i 1968
Keller i 1970

Med tida 39,5 sekundar tangerte Keller i 1967 den fire år gamle verdsrekorden på 500 meter, tilhøyrande Jevgenij Grisjin frå Sovjetunionen. OL-sesongen 1968 forbetra Keller rekorden til 39,2 sekundar under eit stemne i Inzell. Eit par veker seinare skreid inn til OL-gull på 500 m under Vinter-OL 1968 i Grenoble med tida 40,3, to tidels sekund framom norske Magne Thomassen og Richard McDermott frå USA.

Keller enda på sjetteplassen då den aller fyrste verdsmeisterskapen i skeisesprint vart avvikla i 1970. Året etter, då sprint-VM 1971 fann stad i heimlege Inzell, vann han meisterskapen framom svenske Ove König. Den 14. mars 1971 sette han ny verdsrekord på 500 m med tida 38,42 sekundar, og den 2. januar 1972 forbetra han rekorden til 38,3. Fem veker seinare forsvarte han OL-tittelen på spesialdistansen under vinterleikane 1972 i Sapporo, med ein sigersmargin på 0,25 sekundar til svenske Hasse Börjes. Den 4. mars 1972 sette Keller like godt to verdsrekordar i Inzell, fyrst vart han klokka inn på 38,0 på 500 m og sidan fekk han notert 1.18,5 på 1000 m.

I 1973 deltok Keller i tevlingane for dei profesjonelle skeiseløparane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]