Eri stavkyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

61°04′29″N 7°30′05″E / 61.074712°N 7.50141°E / 61.074712; 7.50141 Eri stavkyrkje stod i mellomalderen på storgarden Eri eller Æri i Lærdal. Denne er berre eit par kilometer frå kvar av gardane Hauge og Tønjum, der det òg stod kyrkjer.

Presten («sira Barðe a Æiðrini») er omtala[1] i eit diplom frå 1305, og kyrkja («Kirkian a ædrin») er omtala[2] i Bergens kalvskinn (før 1340). Kyrkja vart omtala[3] som Ædernn kappel i 1535, og i 1565 låg ho i Tønjum sokn. Kyrkja er ikkje omtala i jordeboka for bispedømmet[4] frå rundt 1600, og ein trur difor at ho vart lagd ned i god tid før dette.

Tufta synest ikkje å vere påvist. Over gardsbygningane finst ein liten bakke kalla Turkebakken, noko som av B.E. Bendixen er tolka som ei forvansking av «Kirkebakken». Det skal ha blitt funne knokkelrestar nær riksveg 5.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. Diplomatarium Norvegicum VIII:16
  2. P.A. Munch, red. (1843). Registrum praediorum et redituum ad ecclesias dioecesis Bergensis saeculo P. C. XIVto, pertinentium, vulgo dictum "Bergens Kalvskind" (Bjørgynjar Kalfskinn). Det Kongelige Frederiks universitet. s. 43. 
  3. H.J. Huitfeldt-Kaas, red. (1906). Norske Regnskaber og Jordebøger fra det 16de Aarhundrede (1520–1570). J. Chr. Gundersens Bogtrykkeri. s. 486. 
  4. Jordebok for Bergen bispedømme ca. 1600

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]