Eric Addo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Eric Addo
Eric Addo.jpg
Fullt namn Eric Addo
Fødd 12. november 1978
Accra i Ghana
Høgd 183 cm
Posisjon Midtstoppar, midtbane
Klubbinformasjon
Spelar for Roda
Draktnummer 3
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
1996
1996-99
1999-2009
2002-04
2009
2009-
Ghana Noble Harrics
Belgia Club Brugge
Nederland PSV
Nederland Roda(lån)
Nederland Roda (lån)
Nederland Roda
-
65 (5)
82 (3)
27 (0)
6 (1)
13 (0)
Landslag**
1998- Ghana Ghana 23 (0)

Klubbkampar og mål i nasjonal liga .
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 3. mai 2009.

Eric Addo, (fødd 12. november 1978 i Accra) er ein ghanesisk fotballspelar som spelar for Roda i nederlandsk Eredivisie, og for det ghanesiske landslaget.

Addo drog til Europa og Club Brugge i Belgia i 1996, som 18-åring. I 1997/98-sesongen, då Club Brugge vann serien i Belgia, vart han kåra til årets unge spelar i Belgia og årets spelar i Ghana. Han vann òg den belgiske ibenholt-skoen, ein pris for beste afrikanske spelar i den belgiske ligaen. Sommaren 1999 gjekk han til PSV i Nederland, men dei første tre åra der var han for det meste skada eller innbytar. Han vart lånt ut til Roda i to år, før han endeleg vart fast på laget då PSV vann serien i Nederland i 2006. PSV vann serien seks gonger i dei ti åra Addo var i klubben. I oktober 2007 vart Addo utestengd i fire kampar av UEFA etter å ha spytta på ein Fenerbahçe-spelar under ein Meisterliga-kamp. I juni 2009 gjekk han over til Roda på permanent basis, og skreiv under på ein toårskontrakt med klubben.

Addo fekk sjansen til å representera Belgia sitt landslag i 1998, men valde i staden å spela for fødelandet, Ghana. Etter å ha spelt i Afrikameisterskapen i 1998 for Ghana, var han ute av landslaget i seks år. I 2006 var han i troppen til fotball-VM, der han spelte alle Ghana sine fire kampar.

Denne artikkelen begynte med omsetjing av stoff frå engelsk wikipedia 5. mai 2010.