Eric Gale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Eric Gale
Eric Gale.jpg
Fødd20. september 1938(1938-09-20)
FødestadBrooklyn, New York, USA
Død25. mai 1994 (55 år)
DødsstadBaja i California i Mexico
OpphavUSA
SjangerJazz, pop
InstrumentGitar
Verka somStudiomusikar

Eric J. Gale (20. september 193825. mai 1994) var ein amerikansk jazzgitarist og studiomusikar.

Gale byrja å spele gitar då han var 12 år gammal.[1] Han tok utdanning i kjemi ved Niagara University, men valte å følgje musikkvege. Han byrja å spele for stjerner som Maxine Brown, the Drifters og Jesse Belvin. Han fekk snart merksemda til King Curtis og Jimmy Smith, som tilrådde han til studioarbeid.[2] Han vart først kjend som studiomusikar i 1960-åra, og spelte etter kvart på over 500 album. Av artistar han spelte for var Aretha Franklin, Bob James, Paul Simon, Lena Horne, Quincy Jones, Bob Marley, Nina Simone, Peter Tosh, Grover Washington jr., Herbie Mann, Esther Phillips, Joe Cocker, Carly Simon, Van Morrison, Al Jarreau og Billy Joel.[3] Han spelte ei stund i turnébandet til Aretha Franklin.

Gale døydde av lungekreft i mai 1994, 55 år gammal.[4]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Som leiar[endre | endre wikiteksten]

  • Negril (LP, 1975. Micron Music Ltd.) (CD, 2003. 3D Japan)
  • Forecast (1973) (Kudu Records)
  • Ginseng Woman (1977) (Columbia)
  • Multiplication (1978) (Columbia)
  • Part of You (1979) (Columbia)
  • Touch of Silk (1980) (Columbia)
  • Blue Horizon (1981) (Elektra)
  • In the Shadow of a Tree (1982) (JVC)
  • Island Breeze (1983) (Elektra)
  • In a Jazz Tradition (1987) (EmArcy)
  • Let's Stay Together (1988) (Artful Balance)
  • Utopia (1998) (Rooms Japan)

Som sidemann[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Will, Patrick T.; Kernfeld, Barry (2002). «Gale, Eric». I Barry Kernfeld. The new Grove dictionary of jazz, vol. 2 (2nd utg.). New York: Grove's Dictionaries Inc. s. 5. ISBN 1561592846. 
  2. Albummerknader av Chris Albertson, Contributing Editor, Stereo Review
  3. «Eric Gale: Forecast». Dougpayne.com. Henta 2011-11-04. 
  4. «Eric Gale, 55, Dies; Versatile Gitarist». The New York Times. 3 June 1994. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]