Eric Rigler

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Eric Rigler
Eric Rigler live in Concert 2012.jpg
Eric Rigler på scenen i 2012
Fødd1959
FødenamnEric Rigler
SjangerFolk, keltisk, keltisk rock
Instrumentsekkepipe, tinnfløyte
Tilknytte artistarYoung Dubliners, Bad Haggis, Alasdair Fraser, Skyedance
Verka somMusikar

Eric Rigler er ein USA-amerikansk sekkepipe- og tinnfløytespelar. Han har spelt som soloartist og med bandet Bad Haggis, og har spelt musikk for fleire filmar.[1] Han har blitt skildra som «den mest innspelte sekkepipespelaren gjennom tidene».[2] Han har spelt alle former for sekkepiper og tinnfløyter sidan han var barn, både solo, i sekkepipeband og andre grupper.

Han har spelt på filmmusikken til mange filmar, som Titanic, Million Dollar Baby, Road to Perdition, Braveheart, Cinderella Man, Robots, Austin Powers: The Spy Who Shagged Me, The Prince of Egypt og Master and Commander: The Far Side of the World.

Rigler spelte «Amazing Grace» i gravferda til den tidlegare amerikanske presidenten Ronald Reagan i 2004.[1]

Han har stundom spelt i det Los Angeles-baserte rockebandet The Young Dubliners.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Eric Rigler
  2. CD Baby: BADHAGGIS: Ark

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]