Erica Alfridi
| Erica Alfridi | |
| Statsborgarskap | Italia |
| Fødd | 22. februar 1968 (57 år) Tregnago |
| Idrett | friidrett |
| Tok del i | Sommar-OL 2000 |
Erica Alfridi (fødd 22. februar 1968) er ein italiensk tidlegare kappgjengar frå Tregnago i Verona-provinsen. Ho vann sølv i kappgang ved EM 1998 og bronse ved EM 2002.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Alfridi meisterskapsdebuterte internasjonalt med ein femteplass i VM 1997. Året etter kneip ho sølvmedaljen på 10 km ved europameisterskapen i Budapest, sekundet framom Susana Feitor frå Portugal og fem skundar attom gullvinnaren, hennar eiga landskvinne Annarita Sidoti.
Frå 1999 tevla dei kvinnelege kappgjengarane i 20 kilometer. Her vart Alfridi nummer seks i VM 1999 og nummer fire både i Sommar-OL 2000 og VM 2001. I september 2001 vann ho distansen under Mellomhavs-leikane i Rades i Tunisia, der ho og landskvinna Elisabetta Perrone på andreplass fekk same tid. Alfridi avslutta internasjonalt med å vinne bronsemedaljen på 20 km då europameisterskapen 2002 fann stad i München.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Erica Alfridi» frå Wikipedia på tysk, den 7. juni 2019.