Erik Alfsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Erik Alfsen
Fødd13. mai 1930
Oslo
Død20. november 2019
NasjonalitetNoreg
Yrkematematikar, arkitekt
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Alma materUniversitetet i Oslo
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi
Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab

Erik Magnus Alfsen (fødd 13. mai 1930 i Oslo) er ein norsk matematikar. Han byrja å studere på Universitetet i Oslo i 1949. Frå 1954 til 1955 studerte han ved Institut Henri Poincaré, og då han kom tilbake til Oslo i 1955, tok han eksamen og vart cand.real.. Etter to år som forskingsstipendiat hos NAVF vart han utnemnd til universitetslektor. Frå 1961 til 1962 var han gjesteprofessor i Seattle, etter doktorgraden vart han i 1963 dosent i Oslo. Frå 1975 til 2000 var han professor.

Alfsen har levert mange arbeid innanfor matematisk analyse, særskild i samband med funksjonalanalyse og konveksitet. Han har saman med far sin, Knut Alfsen, gjeven ut eit lærebokverk i matematikk for vidaregåande skule. Sidan 1979 har han vore sterkt opptatt av fredsarbeid. Alfsen var styremedlem i NAVF i to år. Han har òg vore med i Nei til Atomvåpen og Pugwash-rørsla.

Heider[endre | endre wikiteksten]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Publikasjonar av Erik Alfsen i BIBSYS
  • Geometry of state spaces of operator algebras Samam med Frederic W. Shultz. - Boston  : Birkhäuser , c2003 ISBN 0-8176-4319-2
  • State spaces of operator algebras - basic theory, orientations and C¾-products. Saman med Frederic W. Shultz. - Boston  : Birkhäuser, c2001 ISBN 0-8176-3890-3
  • Begynnelsen til slutten på atomvåpnene? (redaktører: Erik M. Alfsen, Leiv Ellingsen, Bent Natvig). - Oslo  : Tiden , 1997 ISBN 82-10-04213-0
  • Klassisk tallteori - kompendium til kurset MA 115. Saman med Tom Lindstrøm. - Oslo, 1994
  • Felles sikkerhet i nord - trusler og svar (red.) Oslo  : Nordisk forum for sikkerhetspolitikk , 1989 ISBN 82-90920-00-8 (h.)
  • Reell analyse Oslo 1985
  • Matematikk 3 MN. Aschehoug , 1984
  • Matematikk 3MS. Saman med Bjørn Sletbak. Aschehoug, 1983 ISBN 82-03-09250-0
  • Matematikk 2MS. Saman med Bjørn Sletbak. Aschehoug, 1983 ISBN 82-03-09246-2
  • Matematikk 2MN. Aschehoug, 1981 ISBN 82-03-09244-6
  • Matematikk 1MA Aschehoug, 1979 - 2 bind: B.1: Kjernestoff. B.2: Tilvalgsstoff
  • State spaces of Cαlgebras. Saman med Frederic W. Shultz. - Oslo, 1978 ISBN 82-553-0349-9 (h.)
  • State space of Jordan algebras. Saman med Frederic W. Shultz. - Oslo 1976 ISBN 82-553-0279-4
  • A Gelfand-Neumark theorem for Jordan algebras. Saman med Frederic W. Shultz og Erling Störmer. - Oslo, 1975 ISBN 82-553-0242-5
  • Vektorregning til emnet MA 101. Saman med Erling R. Hansén. Universitetsforlaget, 1975
  • Non-commutative spectral theory for affine function spaces on convex sets. Saman med Frederic W. Shultz. - Oslo, 1974 ISBN 82-553-0174-7
  • Compact Convex Sets and Boundary Integrals Heidelberg, Springer-Verlag, 1971
  • Structure in real Banach spaces. Saman med Edward G. Effros. - Oslo, 1971 ISBN 82-553-0037-6
  • Order theoretic foundations of integration. - Oslo, 1963 Avhandling (doktorgrad)
  • Vektorregning - Med korte avsnitt om komplekse tall, determinanter og lineære likningssystemer til emnet Fo 4. Saman med Erling R. Hansén. Universitetsforlaget, 1962
  • Oppgave- og repetisjonshefte for emnet Fo 4, forkurs i matematikk ved Universitetet i Oslo Universitetsforlaget, 1960
  • Elementær innføring i vektor-analyse med tensor-regning Universitetsforlaget, 1956

Kjelder[endre | endre wikiteksten]