Erik Arup

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Erik Arup
Statsborgarskap Danmark
Fødd 22. november 1876
Slangerup
Død

23. september 1951 (74 år)
København

Yrke historikar, professor
Språk dansk

Erik Ipsen Arup (22. november 187623. september 1951) var ein dansk historikar, kjend som ein pioner i radikal-liberal historieskriving i Danmark.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Arup var son til ein lege, og voks opp under dei lange åra med konstitusjonell kamp i heimlandet. I unge år var han imponert av Viggo Hørup og hans politiske, anti-militaristiske linje. Sjølv var han utdanna både som teolog og historikar. Under første verdskrigen var Arup knytt til den sosial-liberale Zahle-regjeringa som statssekretær. Frå 1916 til 1947 var han professor ved Universitetet i København, etter Kristian Erslev.

Arup var mellom dei tidlege skandinaviske materialistiske historikarane. Gjennombrotet kom med avhandlinga Studier i engelsk og tysk handels historie (1907), eit pionerarbeid som understrekar den geografiske og økonomiske, i staden for den nasjonale eller etniske, bakgrunnen bak utviklinga av handelen. I tillegg til dette arbeidet skreiv han særleg om økonomisk historie i Schleswig-Holstein, om mellomalderøkonomien, og om utanrikspolitikk i 18. hundreåret. Dessutan laga han ein populær biografi om sin inspirator, Viggo Hørup, som kom ut i 1941.

Arup viktigaste arbeid er hans uferdige Danmarks Historie (1925-32), som dekker dansk historie fram til 1624 (eit posthumt volum, publisert i 1955, omhandlar perioden fram til 1665). Det var tenkt som ei lærebok for universitetet, men vart aldri fullført grunna den omfattande debatten kring utgjevinga av dei første delane. Nyskapande i dette arbeidet er den vekt Arup legg på materiell utvikling av jordbruk, handel, og til ein viss grad offentleg helse i å forstå den historiske utviklinga i Danmark. Politiske eller internasjonale relasjonar vert ikkje ignorert, men vist til bakgrunnen. Arbeidet er sterkt påverka av forfattaren sitt politiske syn; han mislikte krigspolitikk, militarisme, vilkårleg kongemakt, ei rekke nasjonale-patriotiske mytar, og generelt alt han tolka som nasjonalistiske synspunkt. Dermed vert Saxo Grammaticus, Absalon og kong Kristian IV «offer» for Arups vurderingar, medan menn som Kristian II og nokre opposisjonspolitikarar i mellomalderen får honnør. Arup sitt språk er skarpt og engasjert, prega av hans eintydige syn. Han konsentrerer seg om dokument framom krøniker eller andre sekundære forteljingar, og meir generelt innfører han strenge krav til kjeldekritikk. Krav som elles ikkje er til hinder for hans eigne dristige konklusjonar.

Mange danske historikarar gjekk hardt til verks mot verket. Arup vart skulda for likesæle då han ikkje nemnde kjelder til arbeidet, og for eit upatriotisk syn. Mykje av dette var ein venta konservativ reaksjon mot sosial-liberale synspunkt, som den gongen var korkje særleg akseptert eller forstått. Derimot har kritikken for manglande historisk preg og eit tidvis anakronistisk syn noko for seg. Arbeidet hans er meir ei revurdering av eksisterande verdiar i samfunnet, enn eit sett med nye funn. I Danmark vert Arups historieverk sett som det mest konsekvente brotet med tradisjonell historieskriving, og har inspirert mange seinare sosial-liberale og marxistiske historikarar.

Arup var redaktør av dansk Historisk Tidsskrift 1917-24, og involvert i redigeringa av danske mellomalderkjelder 1931-37. I nokre år var han medarbeidar i det banebrytande dansk-svenske tidsskriftet Scandia. Han var særleg interessert i Island, og som medlem av fleire organisasjonar som arbeidde med dansk-islandske relasjonar la han seg ofte nær islandske oppfatningar.

På mange måtar såg Arup på seg sjølv som ein moderne arvtakar til Arild Huitfeldt. Mellom samtidige åndsfrendar bør framhevast svensken Curt Weibull, grunnleggjar av Scandia. Arups metodiske synspunkt var påverka av franske historikarar som Charles Seignobos og Charles-Victor Langlois.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Den engelske wikipediaen gjev opp desse kjeldene:

  • Dansk Biografisk Leksikon, vol. 1. København: Gyldendal, 1979-1984.
  • Christensen, Aksel E. "Erik Ipsen Arup 22 november 1876 -... 23 september 1951", i Festskrift, udgivet af Københavns Universitet i anledning af Universitetets årsfest november 1952 , s. 115-33. København: Københavns Universitet, 1952. (Detaljert nekrolog.)
  • Svenstrup, Thyge. Arup. København: Museum Tusculanum 2006. (Biografi, med 13 pp. engelsk sammendrag.)