Erik Bergman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Erik Bergman
Erik-Bergman-1967.jpg
Fødd24. november 1911
FødestadNykarleby
Død24. april 2006 (94 år)
DødsstadHelsingfors
FødenamnErik Valdemar Bergman
OpphavFinland
Sjangerklassisk musikk
Instrumentpiano
Verka somkomponist, dirigent, korleder
Gift medSylvelin Långholm, Aulikki Rautawaara, Solveig von Schoultz, Christina Indrenius-Zalewski
PrisarPro Finlandia

Erik Valdemar Bergman (fødd 24. november 1911 Nykarleby, død 24. april 2006 i Helsingfors) var ein finlandssvensk komponist.

Han studerte ved Helsingfors universitet i åra 1931–1933, etter det ved Sibelius-Akademin i Helsingfors og studerte seinare hos Heinz Tiessen i Berlin og Wladimir Vogel i Ascona.

Bergman var hovudmannen bak den finske modernismen innan klassisk musikk, men skreiv som ung romantiske verk og var òg innom primitivismen. Han introduserte i 1950-åra tolvtonemusikken i Finland. Spesialinteressa hans var menneskerøysta, som han har skrive mange verk for. 77 år gammal fullførte han sin første opera, Det sjungande trädet (1988), med ein libretto av Bo Carpelan.

Det siste verket sitt, Fantasi for trompet og orkester, komponerte Erik Bergman 92 år gamal, kort tid før han vart råka av hjerneblødning. Erik Bergman døydde den 24. april 2006 i Helsingfors etter lengre tids sjukdom.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Rekviem for ein død diktar (1970)
  • Colori ed improvvisazioni (1973)
  • Noa
  • Aubade
  • Symbol
  • Circulus
  • Tre fantasiar for klaver og klarinett
  • Det sjungande trädet, opera (1988)
    Spire Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.