Erik Enge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Erik Enge
Fødd3. mars 1852
Østre Gausdal
Død26. oktober 1933
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet, Venstre, Frisindede Venstre
Yrkepolitikar, bonde
BarnKinni Sandahl

Erik Matiasson Enge (3. mars 185226. oktober 1933) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Østre Gausdal. Han var 1912-13 landbruksminister i Jens Bratlies regjering. Enge var stortingsrepresentant for tre ulike parti. Han var formann i Frisinna Venstre og 1927-29 i Bondepartiet.

Enge var son av ein gardbrukar. Han tok over farsgarden i 1877 og dreiv han i lang tid. Før han tok over garden hadde han i 1871 gått på folkehøgskulen som Christopher Bruun dreiv i Gausdal.

Enge var med i heradsstyret I Østre Gausdal i årevis, ordførar 1888-91 og 1896-1901. Han var formann i amtsskulestyret i to år, 1903-05, og styremedlem i Hovedjernbanene 1901-06 og på ny frå 1910-27. Medlem av matrikkelkommisjonen av 1910.

Enge var stortingsmann for tre ulike parti. Frå 1898 til 1906 representerte han Venstre, 1910-12 Frisinna Venstre og 1928-30 Bondepartiet. Han møtte fyrste gongen på Stortinget som vararepresentant frå Kristians amt 19.2.1895-26.4.1895, samt frå 20.7.1895 ut sesjonen, og frå 5.5.1897 ut sesjonen. 1910-12 representerte han krinsen Sør-Gudbrandsdal og 1928-30 atter Oppland. Han var medlem av tollkomiteen 1895, Lagtinget og jarnbanekomiteen 1897-1903. I 1902 medlem av nøytralitetskomiteen. Perioden 1903-06 var han medlem av Lagtinget, landbrukskomiteen og valkomiteen. Han var i 1905 medlem av deputasjonen som Stortinget sende til København for å forhandle med den seinare norske kongen. 1910-12 var han sekretær i Lagtinget, nestformann i landbrukskomiteen, samt medlem av valkomiteen, fullmaktskomiteen og reguleringskomiteen.

I Bratlie-regjeringa, som 1912-13 hadde regjeringsmakta knapt eit år, var Enge statsråd og sjef for Landbruksdepartementet. Då Bondepartiet vart skipa i 1920 kom Enge med i det fremste sjiktet av tillitsmenn. Han var leiar av partiet frå 1927 til -29. Stortingsrepresentant på nytt i perioden 1928-30, han var då medlem av vegkomiteen og valkomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]