Erik Eriksen (1902–1972)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Erik Eriksen (1902–1972)

Statsborgarskap Kongeriket Danmark
Fødd 20. november 1902
Fyn
Død

7. oktober 1972 (69 år)
Esbjerg

Yrke politikar
Språk dansk
Politisk parti Venstre i Danmark

Erik Eriksen (20. november 19027. oktober 1972) var statsminister i Danmark frå 30. oktober 1950 til 30. september 1953. Eriksen, som var medlem av Venstre, var folketingsrepresentant frå 1935 til 1968.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Erik Eriksen var fødd på ein gard i Ringe sokn på Fyn, i eit miljø prega av grundtvigianisme og folkehøgskulerørsla. Han vart formann for Venstres Ungdom i 1929 og innvald til Folketinget i 1935, der han hadde sete til 1968.

Eriksen fekk posten som landbruksminister i den såkalla fridomsregjeringa frå 1945, og heldt fram i same i Knud Kristensen-regjeringa 1945-47. Då Hans Hedtoft måtte gå av som statsminister i 1950, danna Erik Eriksen ei borgarleg regjering i lag med Det Konservative Folkeparti. Eriksen sitt politiske meisterstykke var den nye grunnlova av 1953, som han lukkast få vedteken, trass bitter motstand frå nokre partifellar, mellom dei tidlegare statsminister Knud Kristensen.

Trass i valsiger for Venstre i 1953 måtte Eriksen gje frå seg regjeringsmakta. Han heldt fast ved det tette samarbeidet med dei konservative, ei linje som møtte motstand i partiet. I mai 1965 kom han i mindretal i folketingsgruppa då det var på tale om å slå saman Venstre og Det Konservative Folkeparti. Han gjekk då av som formann og stilte ikkje til val ved folketingsvalet 1968.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]