Erik Gustaf Boström

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Erik Gustaf Boström
E G Boström from Hildebrand Sveriges historia.jpg
Fødd 11. februar 1842

Stockholm

Død 21. februar 1907
Stockholm

Erik Gustaf Bernhard Boström (11. februar 184221. februar 1907) var ein svensk godseigar og politikar som var Sveriges statsminister frå 1891 til 1900 og på ny frå 1902 til 1905.

Boström var frå Stockholm og representerte Södra Roslags domsagas valkrins i Riksdagens andrekammer i tida 1876-93. Han slutta seg der til partigruppa Centern, seinare 1883-87 Nya centern. Frå 1888 leidde han det proteksjonistiske Nya lantmannapartiet. Frå 10. juli 1891 var han statsminister i Sverige og viste seg då «som en smidig og klok realpolitiker», mellom anna fekk han i 1892 vedteke ei ny hærordning for riket. Etter det norske stortinget i 1898 vedtok flagglova for tredje gong, gjekk Boström inn for å godkjenne vedtaket og kunngjorde samstundes svenske mottiltak.

Frå 1894 til han døydde hadde Boström sete i fyrstekammeret i Riksdagen, der han var med i det høgreorienterte Protektionistiska majoritetspartiet. Han gjekk av som statsminister 12. september 1900. Allereie 5. juli 1902 danna han ny regjering og tok fleire liberale politikarar med i statsrådet. Under forhandlingane om konsulatsaka viste han lita forståing for dei norske krava. Den sterke norske motstanden mot dei såkalla lydrikepunkta førte til at Boström gjekk av som statsminister 13. april 1905.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Gyldendals store konversasjonsleksikon.