Erik Håker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Erik Håker


Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. mars 1952 (72 år)
Oppdal
Idrett alpint
Tok del i

Vinter-OL 1972

Utmerkingar

Olavstatuetten, Holmenkollmedaljen

Erik Håker (fødd 4. mars 1952 i Oppdal) er ein norsk tidlegare skiidrettsutøvar i alpine greiner. Han var den første norske alpinisten som vann eit verdscuprenn i alpint. Han representerte klubben Oppdal IL.

Håker gjorde seg internasjonalt kjend allereie i VM i 1970 då han som 17-åring kom på 10. plass i storslalåm og 13. plass i utfor. Gjennombrotet i verdseliten kom i sesongen 1971/72. Etter ein svak sesongstart med 33. plass i det første utforrennet i St. Moritz, vann han fire dagar seinare storslalåmrennet i Val-d'Isère med bestetid i begge omgangane. Dermed vart han den første norske utøvaren som nådde ein verdscupsiger.

I vinter-OL i 1972 i Sapporo kom Håker på 5. plass i utforrennet. Han leia storslalåmrennet etter første omgang. Etter dåtida sine reglar skulle han starte som førstemann dagen etter fordi han var siste startande (altså nr. 15) i pulje 1. Etter 53 sekund, midt i bratthenget, køyrte han ut. Gullmedalja gjekk til italienaren Gustav Thöni. Håker deltok også i vinter-OL i 1976 i Innsbruck og i vinter-OL i 1980 i Lake Placid.

Håker var i verdseliten i storslalåm og utfor gjennom store delar av 1970-talet, og oppnådde totalt 20 pallplasseringar. Han kom på 5. plass samanlagt i verdscupen i alpint i 1975 (sesongen 1974/75). I 1978 fekk han Olavstatuetten og i 1979 Holmenkollmedalja.

Verdscupsigrar[endre | endre wikiteksten]

Dato Stad Land Disiplin
9. desember 1971 Val-d'Isère Frankrike Storslalåm
18. februar 1972 Banff Canada Storslalåm
12. mars 1973 Naeba Japan Storslalåm
21. januar 1975 Fulpmes Austerrike Storslalåm
17. desember 1978 Gherdëina Italia Utfor

Kjelder[endre | endre wikiteksten]