Hopp til innhald

Erik Lindahl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Erik Lindahl
Statsborgarskap Sverige
Fødd 1. januar 1717
Umeå
Død

19. november 1793 (76 år)

Yrke prest
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja

Erik Lindahl (1. januar 171719. november 1793) var ein svensk prest i Svenska kyrkan. Han er i dag mest kjend for arbeidet sitt med samisk, nærare bestemt med sydlapska bokspråket.

Erik Lindahl var son av komministeren i Umeå landsförsamling, Olof Erik Lindahl, og Sara Hellberg.

Etter å ha vorte ordinert til prest i 1740 vart han i 1743 pastoradjunkt hos Pehr Fjellström i Lycksele og gifta seg same år med Fjellströms dotter Anna Agatha. I 1749 vart Lindahl komminister i Sorsele før han i 1767 tok over etter svigerfar sin som kyrkoherde i Lycksele. Saman med kyrkoherden i Jokkmokk, Johan Öhrling, utarbeidde Lindahl Lexicon Lapponicum, som kom ut i 1780 og lenge var den viktigaste samisk-svensken ordboka. Ordboka vart skriven på det sydlapska bokspråket, og inneheldt også ei grammatisk skisse over samisk.

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]
  • Erik Lindahl & Johan Öhrling 1780: Lexicon Lapponicum, cum interpretatione vocabulorum Sveco-Latina et indice Svecano Lapponico.