Hopp til innhald

Erik Solem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Erik Solem

StatsborgarskapNoreg
Fødd23. august 1877
Christiania
Død

15. juli 1949 (71 år)
Oslo

Yrkedommar, advokat

Erik Toralf Solem (23. august 187715. juli 1949) var ein norsk jurist.

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]

Solem vart høgsterettsadvokat i 1905, sorenskrivar i 1911, konstituert professor i rettsvitskap i 1931 og høgsterettsdommar i 1938.

Arbeida med samisk rett

[endre | endre wikiteksten]

I perioden 1911-1921 var Solem Sorenskrivar i Tana. I 1917 las Solem Fredrik Stang sitt føredrag "Ret og kultur" og vart inspirert til å arbeide med samisk rettsoppfatningar (jf. Solem 1933, forord), og han publiserte artikkelen Retsopfatninger blandt finnene i 2020. Då Institutt for sammenlignende kulturforskning vart oppretta gjekk Fredrik Stang inn for at instituttet skulle ta opp ei komparativ undersøking av norsk og samisk rettsoppfatning. Stang melde Solem sin artikkel i Tidsskrift for Retsvidenskap i 1921, og drog fram temaet som ein analystisk og dermed vitskapleg tilnærming til rettsvitskapen.

Stang var sentral i utforminga av Instituttet sitt første arbeidsprogram og fekk gjennom ei satsing på samisk rettshistorie. Nettopp Solem fekk ansvaret for dette arbeidet, som resulterte i Lappiske rettsstudier (1933).

Landssvikoppgjeret

[endre | endre wikiteksten]

I 1945 fekk han i oppdrag å leia landssvikoppgjeret som konstituert lagmann ved Eidsivating lagmannsrett si landssvikavdeling. Han var formann i Den militære undersøkingskommisjon av 1946 og i straffelovkommisjonen av 1947. Frå 1939 til 1949 var han redaktør av Tidsskrift for rettsvitenskap.

Solem var den som forkynte dødsdommen over torturisten og frontkjemparen Reidar Haaland i den første store landssvik-saka.

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]
  • Civilprocesreformen i praksis, (1918)
  • Retsopfatninger blant finnene. i: Jens Otterbech (red.) Kulturværdier hos Norges finner. Kristiania: Aschehoug & co (1920)
  • Lappiske rettsstudiar, (1933)
  • Tinglysningsloven med kommentarer, saman med Ole Fingalf Harbek, (1935)
  • Kommentarer til Landssvikanordningen, (1945)
  • Landsvikloven, (1947)
  • Holberg som jurist, (1947)