Erik Strand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Erik Andreas Knutsson Strand (12. oktober 18777. juni 1945) var ein lensmann, gardbrukar og politikar frå Nord-Aurdal.

Strand tok eksamen ved Elverum lærarskole i 1897. Frå same året var han han lærar i heimbygda fram til 1926, det meste av tida også kyrkjesongar. I 1900 fekk han frådelt ein part av farsgarden, der han bygde og dreiv eige gardsbruk. Frå 1. juli 1926 var han lensmann i Nord-Aurdal, til han vart avsett av nazi-styresmaktene den 10. august 1941.

Strand var heradsstyremedlem 1910-16 i Nord-Aurdal, deretter ordførar 1919-25. Då han fekk lensmannsombodet var han uaktuell til ordførarvervet, men var framleis med i heradsstyret 1925-28 og 1934-37. Omframt desse verva var Strand til sine tider formann i fattigstyret, skulestyret og likningsnemnda i heradet. Han var òg formann 1919-31 og 1935-41 i forliksrådet, samt leiar i administrasjonsstyret for Torpa herad 1928-36. Strand var styremedlem 1934-42 i Lånekassa for jordbrukarar.

Valperioden 1931-33 representerte Strand Oppland og BondepartietStortinget. Han hadde sete i Justiskomiteen av 1919.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]