Juveldunfot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Eriocnemis isabellae)
Juveldunfot
Utbreiing og status
Status i verda: CR Kritisk trugaUtbreiinga av juveldunfot
Utbreiinga av juveldunfot
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Seglarfuglar Apodiformes
Familie: Kolibriar Trochilidae
Underfamilie: Lesbiinae
Stamme: Heliantheini
Slekt: Eriocnemis
Art: Juveldunfot E. isabellae
Vitskapleg namn
Eriocnemis isabellae

Dunfotkolibrien juveldunfot, Eriocnemis isabellae, er ein nyleg oppdaga kolibriart som berre er kjent frå eit særs avgrensa habitat i Cauca-departementet i sørvestre Colombia.[1] Arten blei den ellevte arten i den biologiske slekta Eriocnemis, og er ein av fire artar i slekta som er kritsik truga.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Dette er ein relativt mørk og liten dunfotkolibri i slekta Eriocnemis, med kroppslengd på 8 til 9 centimeter og masse på ca. 4.5 gram. Hannen si fjørdrakt er mørk grøn, undergumpen er iriserande grønblå. Det som er karakteristisk for fjørdrakta er ornamentet i strupe og øvre bryst som er fleirfarga metallisk, frå blåfiolett i sentrum til grønt mot kantane. Fjørduskane ved beina er kvite. Hofuglar er lysare grøn, og har refleksar i raudbrunt og turkis i buken.

Habitatet ligg i temperert elfinskog og tåkeskog, og er trudd å vere mindre enn 10 kvadratkilometer[2] i Serrania del Pinche, Cauca-departementet.[1] Det ligg høgt i bratte fjellsider, ca. 2500 til 3000 moh. Her finn desse kolibriane føde i tett vegetasjon.[3]

Juveldunfot er kategorisert som kritisk truga av BirdLife International. Det finst ikkje informasjon om storleiken på populasjonen, men han er trudd å vere minkande, truga av skogrydding for kokaplantasjar mellom anna.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 Cortés-Diago et al, 2007
  2. 2,0 2,1 Birdlife Intenational, 2023
  3. del Hoyo, 2020

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Juveldunfot