Eritrea

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
ሃግሬ ኤርትራ
Hagere Ertra

(norsk: Eritrea, eritreisk)

Det eritreiske flagget Det eritreiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Ertra, Ertra, Ertra»
Motto Har ikkje
Geografisk plassering av Eritrea
Offisielle språk Tigrinja, arabisk og engelsk
Hovudstad Asmara
Styresett
Republikk
Isaias Afewerki
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
117 600 km² (100.)
0 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Folketeljing (2002)
 – Tettleik
 
5 918 919 (105.)
4 298 269
50,3 /km² (123.)
Sjølvstende
frå Etiopia
24. mai 1993
Nasjonaldag 24. mai
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
7 938 mill. USD (156.)
1 300 USD (189.)
Valuta Nakfa
Tidssone UTC +3
Telefonkode +291
Toppnivådomene .er


Eritrea er ein stat i nordaust Afrika. Landet har kyst mot Raudehavet i aust og grense mot Sudan i nord og vest og mot Etiopia og Djibouti i sør. Eritrea er rekna som eitt av dei minst utvikla landa i verda.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Satellittbilete over Eritrea, frå mai 2003
Kart over Eritrea

Eritrea ligg ved Afrikas horn og grensar imot Raudehavet i nord og nord-aust. Utanfor kysten ligg Dahlakøyene. Det høgaste fjellet er Soira i sentrale Eritrea, 3 018 meter over havet.

Høglandet i nord er ein del av det nordetiopiske platået eller Det etiopiske høglandet. Platået går her nesten heilt ut til kysten av Raudehavet. Langs den nordlege delen av kysten er det ei smal stripe sletteland før fjella reiser seg nesten loddrett opp til platået.

Dei største byane er hovudstaden Asmara, hamnebyen Assab i sør-aust, og byane Keren og Massawa.

Utanfor kysten er det fleire øyar, mellom anna Dahlak-arkipelet og Hanishøyane og korallrev.

Låglandet i sør er ein del av Danakilørkenen, som til dels ligg under nivået til havet. Einskilde høgare parti finst i innlandet i sør.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Klimaet i dei vestlege høgdedraga er forfriskande med kjølige vind og om lag 1150 mm nedbør kvart år, i tillegg til ein god del sol og små endringar i temperaturen gjennom året.

Denakilørkenen dekker derimot det meste av kysten og den sørlege delen av landet, og er ein av dei varmaste stadane på jorda, og temperaturen kan tidvis stige opp til nesten 50 °C. I tillegg er det i praksis ikkje noko regn her.

Regionar[endre | endre wikiteksten]

Eritrea er delt inn i 6 regionar:

  • Sentral
  • Anseba
  • Sørlege Raudehavet
  • Nordlege Raudehavet
  • Sør
  • Gash-Barka

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Berggrunnen i Eritrea består av prekambriske bergartar som vart deformert under den panafrikanske orogenesen og intrudert av granitt i byrjinga av paleozoikum. Det var omfattande forkastingsaktivitet ved danninga av Raudehavet i oligocen- og miocen-tida.

Eritrea har rike førekomstar av gull, kopar og sink. Utanfor kysten finst førekomstar av olje og gass.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Afrika og Eritrea å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.