Erland Dahlen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Erland Dahlen
Erland Dahlen Sentralen Oslo Jazzfestival 2017 (234348).jpg
Fødd 15. mars 1971
Ulefoss
Yrke komponist, jazzmusikar
Erland Dahlen på Commons

Erland Dahlen (fødd 15. mai 1971) er ein norsk trommeslagar frå Ulefoss i Telemark. Han er medlem av ei rekkje band innan elektronika, jazz og eksperimentell musikk, til dømes HET, Boschamaz, Kiruna, Morris og Piston Ltd.

I tillegg er han ein mykje brukt studio- og live-musikar for andre artistar. I perioden 2004 til 2008 tok han over som fast trommeslagar for Madrugada etter Simen Vangen og spelte på albuma The Deep End, Live at Tralfamadore og Madrugada. Under avslutningsturnéen til bandet var Dahlen også med som trommeslagar, noko som også galdt dei andre konsertane dei hadde frå 2004 til 2008.

Dahlen har også spelt med Kaada, Odd Nordstoga, Hanne Hukkelberg, Marit Larsen, Xploding Plastix, Bjørn Eidsvåg, Vidar Vang, Gunnhild Lorentzen og Ane Brun. I dag er han tilsett ved Nationaltheatret.[1]

Erland Dahlen fekk Gammleng-prisen i klassen studiomusiker i 2010.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]