Erland Steenberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Erland Steenberg
Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. februar 1919
Nedre Eiker kommune
Død

11. desember 2009 (90 år)

Yrke politikar, revisor, Eigedomsmeklar
Språk norsk
Politisk parti Senterpartiet

Erland Steenberg (11. februar 191911. desember 2009) var ein norsk revisor, meklar og politikar, fødd og død i Nedre Eiker. Han representerte Senterpartiet og Buskerud fylkeStortinget i perioden 1965-77, nestformann i Senterpartiet 1967-77.

Steenberg var son til ein gardbrukar. Etter å ha fullført handelsgymnas i 1939 var han tilsett ved Noregs Bank si avdeling i Drammen til 1947. I tida 1943-68 dreiv han eiga revisorforretning.

Åra 1960-67 var medlem i Nedre Eiker heradsstyre, vald for Senterpartiet. Frå hausten 1965 var han stortingsrepresentant i tolv år. Dei fyrste åtte åra på Stortinget var han sekretær i Finanskomiteen, sidan medlem i Utanriks- og konstitusjonskomiteen. Han var nestformann i Senterpartiet frå 1967 til han sa frå seg attval på landsmøtet i 1977. Dessutan var han parlamentarisk leiar i valperioden 1973-77, og visepresident i Odelstinget i valperioden 1969-73.

Etter han gjekk ut av Stortinget var Steenberg direktør i Norges Eiendomsmeglerforbund frå 1978 til han i 1986 gjekk over til å drive eige firma som statsautorisert eigedomsmeklar i Nedre Eiker dei neste ti åra.

Steenberg var elles medlem av fylkesskattestyret i Buskerud 1955-63, av ein valordningskommisjon 1968-73 og var ein av riksrevisorane i Riksrevisjonen 1978-90.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]