Erlend Bjøntegaard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Erlend Bjøntegaard

Erlend Bjøntegaard at Biathlon WC 2015 Nové Město.jpg

Statsborgarskap Noreg
Fødd 30. juli 1990 (31 år)
Kongsberg
Idrett skiskyting
Tok del i

Vinter-OL 2018, VM i skiskyting 2019

Erlend Bjøntegaard til venstre, på pallen i Tjumen saman med Maksim Tsvetkov og Johannes T. Bø

Erlend Øvereng Bjøntegaard (fødd 30. juli 1990) er ein norsk skiskyttar, fødd på Kongsberg. Han vart norsk meister 2018 i fellsstart-tevlinga, og har tre individuelle pallplasseringar i verdscupen i skiskyting. Også far hans, Sigvart Bjøntegaard, deltok internasjonalt i skiskyting.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Erlend Bjøntegaard debuterte i verdscupen i skiskyting i Östersund i november 2012, der han overraska med ein sjuandeplass på 20 km. Dei komande åra sleit han med å markere seg mellom sterke nasjonale skiskyttarar som Ole Einar Bjørndalen, Tarjei Bø og Johannes T. Bø. I si fyrste internasjonale meisterskapstevling, 7,5 km under verdsmeisterskapen på heimebane i 2016, mislukkast Bjøntegaard fullstendig.

OL-sesongen 2018 viste Bjøntegaard meir stabilt toppnivå, så ved to høve kunne han klive opp på pallen etter individuelle verdscup-tevlingar. I januar vart han nummer tre i fellesstarten i Antholz, før han i Tjumen, i sesongens siste verdscuprenn kom på andreplass, også det i fellesstart. Under vinterleikane i Sør-Korea vart han femtemann i sprinttevlinga. På tampen av vinteren 2018 vart han på Lillehammer noregsmeister, etter å ha vunne fellesstarten framom Johannes T. Bø og bronsemedaljør Alexander Os. I 2019-sesongen vart Bjøntegaard nest best på sprinten i verdcsupen i Antholz, einast landsmannen Johannes T. Bø gjekk fortare. Under VM i skiskyting 2019 i Östersund starta Bjøntegaard opp med ein sjuandeplass på 7,5 km, resten av meisterskapen hamna han lengre ned på resultatlistene.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]