Erlend Einarsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Detalj av pergamentside frå folio 101v av GKS 1005 - Flateyjarbók, med teksten: jarl í Orkneyum.

Erlend Einarsson eller Torv-Einarsson, var jarl på Orknøyane, truleg frå omkring 935 til 954.

Han er omtala i Orknøyingasoga[1], i soga om Håkon den gode[2] (kap.4), soga om Olav den heilage[3] (kap. 96) og i andre av dei norrøne sogene, der det er opplyst at Erlend var son til orknøyjarlen Einar Ragnvaldsson (Torv-Einar) og at han hadde to brør: Arnkjell og Torfinn (Torfinn Hausakljuv). Erlend hadde truleg òg ei syster som heitte Tordis[4].

Etter at Torv-Einar døydde, vart Erlend og brørne hans sams jarlar på Orknøyane. Det blir oftast rekna med at Einar døydde i 910, men tidsrekninga er usikker. Dette dødsåret gir ei uvanleg lang styrigstid for sønene hans (frå 910 til 954/963), og det verkar meir truleg at Einar kan ha levd lenger, kanskje til midten av 930-åra. Snorre skriv i soga om Olav den heilage (kap.96), at Eirik Blodøks kom til Orknøyane etter å ha blitt forvist frå Noreg, og då var Torv-Einar død. Truleg skjedde dette heilt på slutten av 930-åra.

Frå Orknøyane drog Eirik Blodøks på hærferd til dei britiske øyane og Erlend og broren Arnkjell var i lag med han. Dei norrøne sogene har noko ulike skildringar av lagnaden til Eirik Blodøks, men mest truleg fall han i 954 i slaget ved Stainmore[5][6]. I den angelsaksiske krønika[7] for åra 948 og 954, finn vi òg støtte for at Eirik (Eric) sitt herredøme over Northumberland var slutt på denne tida.

i Orknøyingasoga (kap. 8) er det opplyst at i dette slaget miste begge brørne Erlend og Arnkjell livet, saman med Eirik Blodøks.

Referanseside Føregjengar O r k n ø y j a r l Etterkomar Tilleggsopplysningar
Orknøyjarlane Einar Ragnvaldsson Erlend Einarsson
Samstyre:
Arnkjell Einarsson
Torfinn Einarsson
Arnfinn Torfinnsson -

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Orknøyingasoga omsett av Gustav Indrebø (Oslo 1929)
  2. Soga om Håkon den gode frå heimskringla.no omsett av S. Schjött (1900)
  3. Soga om Olav den heilage frå heimskringla.no omsett av S. Schjött (1900)
  4. Landnåmaboka frå snerpa.is (kafli 74) om Tordis, dotter til Torv-Einar
  5. Anglo-Saxon England s.362, av Sir F. Stenton (1971)
  6. "Stainmore, battle of," Oxford Reference
  7. The Anglo-Saxon Chronicle Online Medieval and Classical Library


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]