Erlend Haraldsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Erlend Haraldsson
Fødd1124
Orknøyane
Død21. desember 1156 (juliansk)
Damsay
TittelJarl av Orknøyane
Alle titlarJarl
FarHarald Haakonsson
Detalj av pergamentside frå folio 101v av GKS 1005 - Flateyjarbók, med teksten: jarl í Orkneyum.
Kart over Orknøyane, med den nordlege delen av Katanes (Caithness). Frå kartsamlinga til Nasjonalbibliotektet. Handteikna før 1850 av P.A. Munch.

Erlend Haraldsson (Erlendr son Haralds hins slèttmála) var jarl på Orknøyane i tida om lag frå 1153 til han døydde i 1156. Han var jarl samtidig med Ragnvald Kale Kolsson jarl og Harald Maddadsson jarl.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Det meste av opplysningane om Erlend Haraldsson finn ein i Orknøyingasoga[1] frå kapittel 55 og utover.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Far til Erlend var Harald Håkonsson jarl (slettmæle) som døydde i 1127. Farfar hans var Håkon Pålsson jarl og mormor hans var Helga Moddansdotter. Det er ikkje kjent kven som var mor hans og heller ikkje om han hadde sysken. Han hadde desse farsyskena:

Pål Håkonsson jarl (fåmælte)
Ingebjørg; ho vart gift med Olav Bitling (Óláfr "Bitling" Guðrøðarson)[2] som var konge på Man
Margret; ho vart gift med Maddad jarl (Matad mormaer) frå Atholl[Note 1] Sonen til Margret var Harald Maddadsson jarl, som såleis var syskenbarnet til Erlend.

Harald jarl og syskena hans var i slekt med Magnus den heilage, som var syskenbarnet til far deira.

Skildringa i Orknøyingasoga (kap.55) tyder på at Erlend var særs ung då faren døydde og han kan ha vore fødd ein gong i åra 1120-1127.

Erlend hadde den vanlagnaden at han tidleg mista far sin. Det blir fortalt i soga at farmora, Helga Moddansdotter og syster hennar Frakokk Moddansdotter, hadde lagt planar om å ta livet av farbroren Pål jarl, men så gjekk det slik at dei i staden vart skuld i at Harald jarl, far til Erlend, miste livet[3].

Etter at Pål jarl døydde, truleg myrda, nokre år seinare[Note 2], vart Ragnvald Kale Kolsson ny jarl på Orknøyane.

Liv og lagnad[endre | endre wikiteksten]

Det første Orknøyingasoga fortel om Erlend, er at han føddest opp «så lenge han var småbarn», saman med mormora på garden til syster hennar, Frakokk Moddansdotter[4] i Sudrland, i eit i hovudsakleg skotsk-gælisk miljø.[Note 3]

Etter at Pål jarl miste livet i tida omkring 1136, vart Ragnvald Kale Kolsson jarl åleine på Orknøyane, og eit par år seinare vart syskenbarnet til Erlend, Harald Maddadsson, jarl saman med han. Erlend var truleg berre eit barn på denne tida, men må ha vore medveten om han var blitt forbigått, og at han sjølv hadde større arverett til jarlsnamnet, enn Harald.

Då han vart eldre, heldt Erlend seg mest i Torså[5] hos Ottar Moddansson jarl, bror Frakokk. Etter at Ottar døydde, skal Erlend stundom ha reist ute på herjing. Soga fortel òg at Erlend hadde eit stort følgje hos seg, mellom dei var hovdingen Anakol, som var fosterfar og rådgjevaren (raðgjafi) hans. Anakol er skildra som ein viking og hardhaus frå Sudrøyane. Erlend blir omtala som ein framifrå emneleg mann, raust, blid og rådsnar. Han var gåvmild på gods og uvanleg vensæl mellom mennene sine.

Erlend får jarlsnamn[endre | endre wikiteksten]

Ragnvald jarl drog på ferd til Jorsalaland sumaren 1152, gav han riket i hendene på Harald Maddadsson jarl, som då var om lag 20 år gamal. Erlend drog då til skottekongen Malcolm IV[6] og bad om å få jarlsnamn og styring med Caithness, slik som far hans hadde hatt under kong David, den førre kongen. Dette må ha skjedd tidlegast i mai 1153, etter som Malcolm IV vart innsett 27. mai det året. Med hjelp frå «gjeve frendar» fekk han overtalt kongen til å gi han styringa med halve Katanes; den andre halvparten skulle Harald Maddadsson jarl ha.[Note 4]

Ikkje lenge etter fòr han til Orknøyane og kravde halvparten øyane. Men Harald jarl ville ikkje dele på riket, og det vart stor usemje mellom dei. Det vart til sist avtala at Erlend skulle fare til Noreg og be om å få styringa med den halvparten som høyrde til Ragnvald jarl.

Erlend jarl for då aust til Noreg og Harald jarl drog over til Caithness og sat der om vinteren.

Året etter, truleg sumaren 1054, kom Erlend jarl attende med det bod frå kong Øystein Haraldsson, om at han skulle ha den luten som Harald jarl hadde hatt før.[Note 5]

Harald jarl blir forvist[endre | endre wikiteksten]

Erlend jarl fekk no hjelp av hovdingen Svein Åsleivsson[7] og drog med hærstyrken sin for å finne Harald jarl, for å krevje at han skulle gi opp riket. Mikkjelsmessedagen (29.9.1154) møtte dei flåten til Harald jarl utanfor Knarrarstad[Note 6]. Det kom til våpenbruk og det enda med at Harald gjorde eid på at han gav sin lut av øyane til Erlend jarl. Erlend la då under seg alle øyane, men det vart gjort ein avtale med bøndene om at Ragnvald jarl skulle få att den halvparten som høyrde til han, om han kom attende frå pilegrimsferda.

Om Harald Maddadsson jarl fortel soga at han sumaren etter drog frå Orknøyane og fòr aust til Noreg.

Erlend jarl blir drepen[endre | endre wikiteksten]

Øya Damsay i Bay of Firth. I dag bur der ikkje folk, men i norrøn tid var der bygningar på øya. Det var der Erlend jarl vart drepen, tre dagar før jul i 1156.

Ragnvald Kale Kolsson kom attende til Orknøyane litt før jul 1155[8]. Han hadde fått høyre om uroa som hadde vore, og at hovdingane hadde skild seg i to flokkar; dei som heldt med Harald Maddadsson jarl og dei som heldt med Erlend jarl og Svein Åsleivsson. Han gjorde då ei vise, som byrja slik (norsk omsetjing etter Orknøyingasoga):

Nú hafa gœðingar gengit
— goðfjón es þat ljóna —
— upp grafask ill rôð greppa —
œrit mǫrg á sœri.
Hovdingan’ hev svike
altfor mange eidar;
ille råd kjem opp;
ugudleg fer dei åt.

To dagar før jul vart det halde eit stemnelag i Kirkwall der Erlend jarl gjorde semje med Ragnvald jarl om delinga av riket, og dei var då einige om at dei begge skulle stå imot Harald jarl.

Våren etter låg Erlend jarl og Svein Åsleivsson på Hjaltland, for å vakte på Harald jarl, om han skulle kome attende frå Noreg. Ut på sumaren fekk dei tidendar om at han var komen, men hadde teke land på Orknøyane, og seinare hadde han reist over til Caithness. Dei segla då sør til Orknøyane og samla styrkane sine; der fekk dei òg høyre at Harald jarl og Ragnvald jarl hadde forlikt seg, og til saman hadde dei ein hærflåte på fjorten skip.

Fire neter før Simonsmesse[9] i året 1156, fekk dei høyre at jarlane låg med flåten sin ved Skalpeid[10]. Om natta gjekk Erlend jarl og Svein Åsleivsson til åtak og der fekk dei ein stor siger[11]. Harald jarl og Ragnvald jarl greidde å røme undan, men mesteparten av mennene deira vart drepne eller såra, og Erlend jarl tok skipa deira og alt godset som var om bord. Etter slaget segla dei nord til den vesle øya Damisøy for å feire jul der.

Om natta, tre dagar før jul kom Ragnvald jarl og Harald jarl på dei, og utan at vaktmennene på land vart vár dei, steig dei om bord på skipet til Erlend jarl. Han var då så dauddrukken at mennene hans ikkje greidde å vekke han, og der lét han livet saman med dei fleste andre som var om bord[12].

Etter denne hendinga, vart jarleriket på nytt delt mellom Ragnvald jarl og Harald jarl, slik det hadde vore før. Etter ei tid forlikte dei seg med Svein Åsleivsson og samheldet mellom dei var seinare godt[13].

Referanseside Føregjengarar O r k n ø y j a r l Etterkomarar Tilleggsopplysningar
Orknøyjarlane Ragnvald Kale Kolsson
Samstyre med:
Harald Maddadsson
Erlend Haraldsson
Samstyre med:
Ragnvald Kale Kolsson
Harald Maddadsson
Ragnvald Kale Kolsson
Samstyre med:
Harald Maddadsson
-

Kjelder og utfyllande opplysningar[endre | endre wikiteksten]

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Atholl er eit område i dei skotske høglanda, på den tida eit skotsk jarledøme (mormaer-rike).
  2. Orknøyingasoga (kapittel 75) gir oss den forståinga, at det var Margret, brordotter hans, som stod bak mordet av Pål jarl.
  3. Frakokk Moddansdotter var ei mektig kvinne, dotter til stormannen Moddan av Dale på Caithness. Ho var syster til Helga Moddansdotter, mor til jarlen Harald Håkonsson (slettmæle). Frakokk heldt til på garden sin i Helmsdale i Sudrland, ved kysten av Moray Firth. Ho enda livet sitt omkring 1142, då Svein Åsleivsson brende husa på garden hennar, og alle som var inne.
  4. Det same året hadde Harald jarl sverja eid til Øystein Haraldsson, på at han tok heile sin del av jarledømmet i len av den norske kongen. Det kan ha vore denne underkastinga som fekk skottekongen til å gi Erlend jarl ein balanserande posisjon i Caithness.
  5. Orknøyingsoga (kap. 92) nemner her berre «Harald jarl» og mest truleg må det forståast slik at kong Øystein gav han den luten som Harald Håkonsson jarl (slettmæle), far til Erlend, hadde hatt.
  6. Orknøyingasoga nemner «Kjarreksstad» som må truleg ha vore Knarrarstad , som i dag truleg er Knarstane ved Scapa.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Orknøyingasoga omsett av Gustav Indrebø (Oslo 1929)
  2. The Chronicle of Man and the Sudreys av P. A. Munch (1860) latin og engelsk tekst. Side 73 og 74.
  3. Orknøyingasoga, kapittel 55
  4. Frakark Maddadsdatter (Frakokk) NBL1 bind 4 (s.220)
  5. Torså: Thurso på kysten av Caithness
  6. Malcolm IV «The Maiden» (konge 1153-1165)
  7. Svein Åsleivson NBL1 bind 15 (side 332)
  8. Orknøyingasoga, kapittel 90
  9. Simonsmesse blir feira 28. oktober
  10. Skalpeid: Scapa på Mainland
  11. Orknøyingasoga, kapittel 94
  12. Orknøyingasoga, kapittel 94
  13. Orknøyingasoga, kapittel 100

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]