Erlend Larsen
| Erlend Larsen | |||
| | |||
| Fødd | 13. oktober 1965 (60 år) Stokke kommune | ||
|---|---|---|---|
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Høgre | ||
| Yrke | politikar, flygar, offiser, journalist, konsulent, faglitterær forfattar | ||
| Alle verv |
| ||
Erlend Larsen (fødd 13. oktober 1965) er ein norsk flygar og politikar frå Stokke i Vestfold. Han har sidan 2017 representert Vestfold fylke/valkrins på Stortinget, vald for Høgre.
Frå 1984 til 2005 var Larsen tilsett i infanteriet i Forsvaret, dei fyrste åra på heiltid. Sidan var han områdesjef i Heimevernet i ni år. I 1993-94 var han med Norbatt i Libanon. Larsen var flygar 1989-93 i Norsk Flytjeneste og 1994-2011 i Widerøe Norsk Air + Widerøes Flyveselskap. Han har gitt ut ni bøker på E-forlag.
Larsen var ordførar i Stokke kommune frå 2011 til då Stokke i 2016 vart slått saman med kommunane Andebu og Sandefjord.
Til stortingsvalet 2017 var Larsen Høgre sin tredjekandidat i Vestfold. Då partiet gjorde eit framifrå val kom han inn på Stortinget, der han i fireårsperioden hadde plass i Helse- og omsorgskomiteen. Ved stortingsvalet 2021 var han Vestfold Høgre sin fyrstekandidat, fylkespartiet vart representert med to.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Einskildmenn
- Fødde i 1965
- Stortingsrepresentantar for Vestfold
- Stortingsrepresentantar frå Høgre
- Stortingsrepresentantar 2017-2021
- Stortingsrepresentantar 2021-2025
- Stortingsrepresentantar 2025-2029
- Ordførarar i Stokke
- Høgreordførarar i Vestfold
- Norske sakprosaforfattarar
- Norske offiserar
- Norske flygarar
- Folk frå Sandefjord