Erlend Mamelund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Erlend Mamelund


Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. mai 1984 (39 år)
Lørenskog
Idrett handball

Erlend Mamelund (fødd 1. mai 1984) er ein norsk tidlegare handballspelar frå Bærum. Han vart både noregsmeister og seriemeister med Haslum HK og vann EHF-cupen 2008 for tyske Nordhorn. Mamelund var rykkromspelar, deltok i 137 landskampar for Noreg og skåra 354 mål.

Mamelund spelte på Haslum HK frå 2001. Med klubben frå Bærum vann han både eliteserien og i 2004 cupfinalen. I 2007 flytta han til tyske Nordhorn-Lingen, ein klubb som sigra i EHF-cupen 2008. Vårsesongen 2009 gjorde han teneste i Flensburg-Handewitt, deretter fylgde ein sesong og dansk cupsiger med FC København.

Frå 2010 til han la opp i 2018 var Mamelund aktiv i Haslum i tre åtskilde bolkar. I sesongen 2010/11 vart han cupmeister og seriemeister med Bærums-laget, samt toppskårar i eliteserien med 185 mål. Han og laget tok ein ny cuptriumf sesongen etter, dessutan vart han kåra til årets spelar 2012 i Noreg. Haustsesongen 2012 hadde han kontrakt med franske Montpellier AHB. Frå januar 2013 til våren 2015 var Mamelund atter Haslum-spelar, i 2014 toppskårar i eliteserien for andre gong. Sesongen 2015/16 spelte han for tyske THW Kiel. Til sist var Mamelund 2016-18 Haslum-spelar atter ein gong.

Mamelund fekk sin landslagsdebut i juli 2005. Før han i april 2016 deltok i sin siste landskamp, var han med i Noregs landslagstropp til EM 2010, 2012, 2014, og til VM 2011 og VM 2016.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Vinnar av EHF-cupen: 2008 med Nordhorn
  • Noregsmeister: 2004, 2010, 2011
  • Norsk seriemeister: 2005, 2011
  • Dansk cupmeister: 2010 med FC København

Kjelder[endre | endre wikiteksten]