Hopp til innhald

Erlend O. Nødtvedt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Erlend O. Nødtvedt

StatsborgarskapNoreg
Fødd21. oktober 1984 (41 år)
Bergen
Yrkeskribent, lyrikar
Periode2008-
PrisarBjørnsonstipendet, Olav H. Hauge-stipendet
DebutHarudes
Erlend O. Nødtvedt på Commons

Erlend O. Nødtvedt (fødd 21. oktober 1984 i Bergen)[1][2] er ein norsk lyrikar.

Han debuterte i 2008 med diktsamlinga Harudes, og i 2011 kom Bergens beskrivelse.[3] Begge bøkene har fått mykje merksemd og gode kritikkar. For Harudes fekk han prisen Ung Poesi i Hordaland av Hordaland fylkeskommune og Venelaget Olav H. Hauge og Bergens beskrivelse var med på lista over årets beste bøker då litteraturåret 2011 vart gjort opp i Klassekampen.

Nødtvedt har mastergrad i nordisk språk og litteratur frå Universitetet i Bergen[4] og årskurs frå Skrivekunstakademiet i Hordaland.[5] Han har vore redaksjonsmedlem i litteraturtidsskriftet Vagant og arbeider no som litteraturformidlar på Bergen Offentlige Bibliotek.[2] Han er oppvaksen i Fyllingsdalen.

  • 2008 Harudes Dikt
  • 2011 Den Wiit-berømte, i fordum Dage Kongelige Residentz, oc endnu høy-Priviligierede Kiøb oc Handels-Stad Bergens Beskrivelse Dikt
  • 2014 Trollsuiten Dikt
  • 2016 Dikt 2014 Attdikting av Digte 2014 av Theis Ørntoft, saman med Britt Kristin Ese
  • 2017 Vestlandet Roman
  • 2019 Slekter Dikt

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. ««Erlend O. Nødtvedt»». Forfattarkatalogen til Norsk forfattersentrum. Henta 7. april 2012.
  2. 1 2 Mette Karlsvik (23. februar 2012). ««Møt et nytt DnF-medlem: Erlend O. Nødtvedt»». Nettstaden til Den norske Forfatterforening. Henta 7. april 2012.
  3. ««Nødtvedt, Erlend O.»». Nettstaden til Aschehoug & co. Henta 7. april 2012.
  4. Inger Merete Hobbelstad (11. oktober 2011). ««Fukt i sjelen»». dagbladet.no. Henta 7. april 2012.
  5. ««Tidlegare studentar»». Nettstaden til Skrivekunstakademiet i Hordaland. Henta 7. april 2012.
  6. Simon Sortland (22. september 2008). ««Poesi for alle aldrar»». Nettstaden til Hordaland Fylkeskommune. Henta 7. april 2012.
  7. ««Bergensprisen»». Natt&Dag. 12. februar 2012. Henta 7. april 2012.
  8. Bjørnsonstipendet til Erlend O. Nødtvedt

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]