Erler og piplerker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Erler og piplerker


Linerle, hannfugl, underart svartryggerle, Motacilla alba yarrellii
Linerle, hannfugl, underart svartryggerle,
Motacilla alba yarrellii

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Motacillidae
Slekter
  • Dendronanthus
  • Erler og piplerker utgjer erlefamilien og har vitskapleg namn Motacillidae. Dette er rundt 65 artar i seks slekter av små sporvefuglar med middels til lang stjert. Slekta Motacilla, typiske erler, lever i Europa, Afrika og Asia, med to artar som migrerer for hekking i Alaska. Slektene Macronyx og Hemimacronyx er heilt avgrensa til tropisk Afrika, dei andre piplerkene har den mest kosmopolitisk utbreiing, og finst over det meste av «den gamle verda», men finst òg i Amerika, dessutan på øyar som New Zealand og Falklandsøyane.

    Skildring[endre | endre wikiteksten]

    Erler og piplerker er slanke, små til middels store sporvefuglar, mellom 14 og 17 centimeter lange, med kort hals og lange stjertar[1]. Dei syner ingen kjønnsdimorfisme i storleik. Dei har lange, bleike bein med lange tær og klør, ei spesiell baktå som kan vere opp til 4 cm i lengd hos nokre piplerker. Artane i slekta Macronyx har namnet 'longclows' på engelsk. Macronyx-artane er generelt meir robuste og større enn erler og andre piplerker og kan vege så mykje som 64 gram. Erler og andre piplerker har vektvariasjonar frå 15 til 31 gram. Fjørdrakta til dei fleste piplerker er typisk kjedeleg brun, desse piplerkene minner om lerker, sjølv om nokre artar har tydelegare farga drakter, spesielt gullpiplerke i Nordaust-Afrika. Vaksne hannar av Macronyx har sterke fargar på undersida. Erler har ofte ei slåande fjørdrakt som inkluderer fargene grå, svart, kvit og gul.

    Dei fleste erler er bakkelevande insektetarar[1] på nokså ope land. Dei okkuperer nesten alle tilgjengelege habitat, frå kysten til høgfjellet. Erler føretrekkjer fuktigare habitat enn piplerker. Nokre artar brukar skog, inkludert skogerle, og andre artar brukar elvar slik som gulerle og bergerle.

    Erler tar eit breitt spekter av virvellause byttedyr, særleg er insekt mykje brukte, men dietten inkluderer òg kongroer, ormar og små virvellause blautdyr og leddyr. Alle artane i familien ser ut til å vere ganske katolske i kosthaldet, det som er mest vanlege bytte for ein bestemt art eller populasjon reflekterer vanlegvis lokal tilgang på næring.

    Med unntak av skogerle, hekkar artane i denne familien på bakken[1] og legg opp til seks flekkete egg.

    Sibirpiplerke, Anthus hodgsoni
    Skogerle, Dendronanthus indicus
    Gulstrupepiplerke, Macronyx croceus

    Artsliste[endre | endre wikiteksten]

    Erler og piplerker i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2017[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[3]

    Slekt Dendronanthus
    • Skogerle, Dendronanthus indicus, Forest Wagtail, Gmelin, JF, 1789, (LC)
    Slekt Amaurocichla
    • Kortstjert, Amaurocichla bocagii, Sao Tome Short-tail, Sharpe, 1892, (VU)
    Slekt Motacilla
    • Gulerle, Motacilla flava, Western Yellow Wagtail, Linné, 1758, (LC)
    • Austgulerle, Motacilla tschutschensis, Eastern Yellow Wagtail, Gmelin, JF, 1789, (LC)
    • Sitronerle, Motacilla citreola, Citrine Wagtail, Pallas, 1776, (LC)
    • Oskeerle, Motacilla capensis, Cape Wagtail, Linné, 1766, (LC)
    • Gulbukerle, Motacilla flaviventris, Madagascar Wagtail, Hartlaub, 1860, (LC)
    • Vintererle, Motacilla cinerea, Gray Wagtail, Tunstall, 1771, (LC)
    • Bergerle, Motacilla clara, Mountain Wagtail, Sharpe, 1908, (LC)
    • Linerle, Motacilla alba, White Wagtail, Linné, 1758, (LC)
    • Skjorerle, Motacilla maderaspatensis, White-browed Wagtail, Gmelin, JF, 1789, (LC)
    • Japanerle, Motacilla grandis, Japanese Wagtail, Sharpe, 1885, (LC)
    • Mekongerle, Motacilla samveasnae, Mekong Wagtail, Duckworth et al, 2001, (NT)
    • Afrikaerle, Motacilla aguimp, African Pied Wagtail, Temminck, 1820, (LC)
    Slekt Madanga
    • Madanga, Madanga ruficollis, Madanga, Rothschild & Hartert, 1923, (EN)
    Slekt Anthus
    • Australpiplerke, Anthus novaeseelandiae, Australasian Pipit, Gmelin, JF, 1789, (LC)
    • Tartarpiplerke, Anthus richardi, Richard's Pipit, Vieillot, 1818, (LC)
    • Orientpiplerke, Anthus rufulus, Paddyfield Pipit, Vieillot, 1818, (LC)
    • Savannepiplerke, Anthus cinnamomeus, African Pipit, Rüppell, 1840, (LC)
    • Fjellpiplerke, Anthus hoeschi, Mountain Pipit, Stresemann, 1938, (NT)
    • Kivupiplerke, Anthus latistriatus, Jackson's Pipit, Jackson, 1899, (NR)
    • Miombopiplerke, Anthus nyassae, Woodland Pipit, Neumann, 1906, (LC)
    • Langnebbpiplerke, Anthus similis, Long-billed Pipit, Jerdon, 1840, (LC)
    • Mongolpiplerke, Anthus godlewskii, Blyth's Pipit, Taczanowski, 1876, (LC)
    • Markpiplerke, Anthus campestris, Tawny Pipit, Linné, 1758, (LC)
    • Brannpiplerke, Anthus leucophrys, Plain-backed Pipit, Vieillot, 1818, (LC)
    • Slettepiplerke, Anthus vaalensis, Buffy Pipit, Shelley, 1900, (LC)
    • Kongopiplerke, Anthus pallidiventris, Long-legged Pipit, Sharpe, 1885, (LC)
    • Nilgiripiplerke, Anthus nilghiriensis, Nilgiri Pipit, Sharpe, 1885, (VU)
    • Bergpiplerke, Anthus sylvanus, Upland Pipit, Hodgson, 1845, (LC)
    • Kanaripiplerke, Anthus berthelotii, Berthelot's Pipit, Bolle, 1862, (LC)
    • Malindipiplerke, Anthus melindae, Malindi Pipit, Shelley, 1900, (LC)
    • Stripepiplerke, Anthus lineiventris, Striped Pipit, Sundevall, 1850, (LC)
    • Steinpiplerke, Anthus crenatus, Yellow-tufted Pipit, Finsch & Hartlaub, 1870, (NT)
    • Papuapiplerke, Anthus gutturalis, Alpine Pipit, De Vis, 1894, (LC)
    • Heipiplerke, Anthus pratensis, Meadow Pipit, Linné, 1758, (NT)
    • Rosenpiplerke, Anthus roseatus, Rosy Pipit, Blyth, 1847, (LC)
    • Trepiplerke, Anthus trivialis, Tree Pipit, Linné, 1758, (LC)
    • Sibirpiplerke, Anthus hodgsoni, Olive-backed Pipit, Richmond, 1907, (LC)
    • Tundrapiplerke, Anthus gustavi, Pechora Pipit, Swinhoe, 1863, (LC)
    • Lappiplerke, Anthus cervinus, Red-throated Pipit, Pallas, 1811, (LC)
    • Vasspiplerke, Anthus spinoletta, Water Pipit, Linné, 1758, (LC)
    • Skjerpiplerke, Anthus petrosus, Rock Pipit, Montagu, 1798, (LC)
    • Myrpiplerke, Anthus rubescens, American Pipit, Tunstall, 1771, (LC)
    • Præriepiplerke, Anthus spragueii, Sprague's Pipit, Audubon, 1844, (VU)
    • Graspiplerke, Anthus lutescens, Yellowish Pipit, Pucheran, 1855, (LC)
    • Punapiplerke, Anthus furcatus, Short-billed Pipit, d'Orbigny & Lafresnaye, 1837, (LC)
    • Chacopiplerke, Anthus chacoensis, Pampas Pipit, Zimmer, JT, 1952, (LC)
    • Correnderapiplerke, Anthus correndera, Correndera Pipit, Vieillot, 1818, (LC)
    • Sørgjeorgiapiplerke, Anthus antarcticus, South Georgia Pipit, Cabanis, 1884, (NT)
    • Okerpiplerke, Anthus nattereri, Ochre-breasted Pipit, Sclater, PL, 1878, (VU)
    • Pampaspiplerke, Anthus hellmayri, Hellmayr's Pipit, Hartert, 1909, (LC)
    • Paramopiplerke, Anthus bogotensis, Paramo Pipit, Sclater, PL, 1855, (LC)
    • Korthalepiplerke, Anthus brachyurus, Short-tailed Pipit, Sundevall, 1850, (LC)
    • Buskpiplerke, Anthus caffer, Bush Pipit, Sundevall, 1850, (LC)
    • Sokokepiplerke, Anthus sokokensis, Sokoke Pipit, van Someren, 1921, (EN)
    Slekt Tmetothylacus
    • Gullpiplerke, Tmetothylacus tenellus, Golden Pipit, Cabanis, 1878, (LC)
    Slekt Hemimacronyx
    • Sitronpiplerke, Hemimacronyx chloris, Yellow-breasted Pipit, Lichtenstein, 1842, (VU)
    • Kikuyupiplerke, Hemimacronyx sharpei, Sharpe's Longclaw, Jackson, 1904, (EN)
    Slekt Macronyx
    • Eldpiplerke, Macronyx capensis, Orange-throated Longclaw, Linné, 1766, (LC)
    • Gulstrupepiplerke, Macronyx croceus, Yellow-throated Longclaw, Vieillot, 1816, (LC)
    • Svovelpiplerke, Macronyx fuelleborni, Fülleborn's Longclaw, Reichenow, 1900, (LC)
    • Etiopiapiplerke, Macronyx flavicollis, Abyssinian Longclaw, Rüppell, 1840, (NT)
    • Tornpiplerke, Macronyx aurantiigula, Pangani Longclaw, Reichenow, 1891, (LC)
    • Skarlakspiplerke, Macronyx ameliae, Rosy-throated Longclaw, de Tarragon, 1845, (LC)
    • Angolapiplerke, Macronyx grimwoodi, Grimwood's Longclaw, Benson, 1955, (DD)

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    Referansar[endre | endre wikiteksten]

    1. 1,0 1,1 1,2 Clancey, P.A. (1991). Forshaw, Joseph, red. Encyclopaedia of Animals: Birds. London: Merehurst Press. s. 172–173. ISBN 1-85391-186-0. 
    2. Schulenberg T. S., M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, T. A. Fredericks, og D. Roberson (august 2017) (CSV), eBird/Clements Checklist v2017, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/updates-corrections-august-2017/, henta 1. oktober 2017 
    3. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]