Erling Bjørnson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Erling Bjørnson
Erling Bjoernson.jpg
Fødd 19. april 1868
København
Død

1959
Gausdal

Yrke politikar, bonde
Erling Bjørnson på Commons

Erling Bjørnson (19. april 18687. desember 1959) var ein norsk gardbrukar og politikar, fødd i København og død i Gausdal. Frå 1934 til 1940 representerte han BondepartietStortinget, sidan var han under andre verdskrigen aktivt medlem av Nasjonal Samling. Bjørnstjerne Bjørnson var far hans.

I 1887/88 tok Erling Bjørnson jordbruksutdanning ved Jønsberg landbruksskole i Romedal, og to år seinare tok han over drifta av Aulestad-garden. I si brukstid forbetra han garden kraftig, fekk bygt nye hus og dobla det dyrka arealet. Økonomisk gjekk drifta over styr, og faren tok over Aulestad att i 1901.

Bjørnson var medlem av heradsstyret i Østre Gausdal i 1890-åra og i tida 1926-31. Ein periode var han formann i fattigstyret. Bjørnson var i si tid landsstyremedlem i Landmannsforbundet og formann i krinslaget for Søndre Gudbrandsdalen. Han skreiv elles mange avisartiklar om landbruksspørsmål.

Frå 1934 til okkupasjonen var Bjørnson Bondeparti-representant frå Oppland på Stortinget. Perioden 1934-36 var han medlem av Justiskomiteen, 1937-40 i Finans- og tollkomiteen. I 1934 var Bjørnson saksordførar for steriliseringslova som Stortinget vedtok mot ei stemme, ei lov som opna for tvangssteriliseringar.

Okkupasjonstida var Bjørnson eit aktivt medlem av Nasjonal Samling. Han var då ein mykje brukt agitator, mellom anna i radio. I 1944 skreiv han ein artikkel i tidsskriftet Ragnarok, der han hevda at faren ville ha vore NS-mann om han hadde levd.

I 1946 vart Bjørnson dømd til ti års straffearbeid.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]