Erling Falk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Erling Falk
Fødd 12. august 1887
Død

31. juli 1940

Yrke omsetjar, fagforeiningsleiar
Grava til Erling Falk på Vestre gravlund i Oslo

Erling Falk (12. august 18871. august 1940) var ein norsk sosialist og revolusjonær tenkjar, fødd på Hemnesberget. Mellom anna stifta han organisasjonen Mot Dag.

Erling Falk var son av Jonas Cornelius Falk (1844-1915) og Karen Katharina Ellingsen, begge politisk aktive for partiet Venstre; han vald som vararepresentant til Stortinget 1894 og 1897, møtande frå 1897 til 1900, ho som medlem i heradstyret på Hemnesberget frå 1907. Erling Falk gjekk middelskolen i Mosjøen, sidan begynte han å lese til eksamen artium i Stavanger, men han strauk til eksamen i fleire fag, og hausten 1907 reiste han til Amerika. I Chicago kom Erling Falk i kontakt med fagforeininga Industrial Workers of the World.

1918 reiste han attende til Noreg. Her engasjerte han seg i Studentenes kommunistlag, og han var frå starten sentral i arbeidet med å gje ut tidsskriftet Mot Dag. Ved sida av arbeidet i Mot Dag, som både var eit tidsskrift og ein radikal politisk organisasjon, var han drivkraft bak Arbeidernes Aftenskole og bak arbeidet med å gje ut Arbeidernes Leksikon.

I 1935 arbeidde han for at organisasjonen Mot Dag kollektivt skulle melde seg inn i Arbeidarpartiet. Motivasjonen kan ha vore at trugsmålet frå den veksande fascismen gjorde det naudsynt å samle kreftene på venstresida. Men sjølv vart Erling Falk ekskludert frå Arbeidarpartiet. Samstundes vart han sjuk med svulst på hjernen. I 1940 reiste han til Sverige for å bli operert, og i Stockholm døydde han 1. august 1940.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]