Erling Indreeide

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Erling Indreeide
Nasjonalitet Norsk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. april 1945 (79 år)
Yrke Psykolog
Periode 1972-
Debut Trakter

Erling Indreeide (fødd 20. april 1945)[1] er ein norsk forfattar og psykolog. Han bur på Skedsmokorset i Lillestrøm kommune og er opphavleg frå Eidsdal i Møre og Romsdal.

Indreeide er utdanna psykolog frå Universitetet i Oslo. Han debuterte som forfattar i 1972 med diktsamlinga Trakter og har sidan gjeve ut dikt, essay, drama, gjendikting og dikt for barn. Han er tildelt Melsom-prisen.

Han har vore aktiv i organisasjonslivet og har hatt sentrale tillitsverv i Den norske fofattarforening (DnF) og Noregs Mållag. Indreeide har også arbeidd som skulespsykolog i Nittedal og Skedsmo.[2]

Verk[endre | endre wikiteksten]

Dramatikk[endre | endre wikiteksten]

  • 1996 Adam og Eva. Ei kjærleikssoge

Prosa[endre | endre wikiteksten]

  • 1990 Eplekosmos, barnebok
  • 1993 Reiser seg og går, forteljing

Sakprosa[endre | endre wikiteksten]

  • 2001 Tann for auge og andre reiser
  • 2002 Om det monstrøse, essay
  • 2003 Utdrag frå MISTRU DEN SOM IKKJE ER NOSTALGISK! med merknader, sakbok

Dikt[endre | endre wikiteksten]

  • 1972 – Trakter
  • 1979 – Sant nok
  • 1983 – Vegar, vatn og fjell
  • 1987 – Vinkel i vind
  • 1992 – Bilde og bein
  • 1994 – Gud til nytte
  • 1995 – Dikt i utval
  • 1988 – I magen på gamle tre
  • 2006 – Langrenn : dikting 2004-2005 basert på verkelege hendingar : eit forsvarsskrift (teorien, himmelen og jorda)
  • 2012 – Vi er presens
  • 2014 – Infinitivsmerke. Hjelpebok for fysikkundervisning

Gjendikting[endre | endre wikiteksten]

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

  • 2004: Melsom-prisen for Utdrag frå MISTRU DEN SOM IKKJE ER NOSTALGISK! med merknader

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. ««Erling Indreeide»». forfatterkatalogen.no. Henta 11. april 2012. 
  2. Erling Indreeide 75 år - Aftenposten 20. april 2020

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]