Erling J. Norvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Erling J. Norvik
Fødd 27. april 1899
Trondenes
Død

27. november 1964
Vadsø

Yrke politikar

Erling Johannes Norvik (27. april 189927. november 1964) var ein norsk embetsmann og Høgre-politikar frå Trondenes.

Norvik, som var son til ein hamnefut, gjekk ut av middelskulen i 1915 og vart i 1917 uteksaminert frå Trondhjems Handelsgymnasium. Etter eit mellomspel på eit reiarlagskontor vart han i 1918 tilsett på kontoret til Finnmark fylkeskommune i Vadsø. Frå 1926 rykte han opp til fullmektig, og tilsett som kontorsjef i 1945. Dei fyrste månadene etter andre verdskrigen var over, fungerte han som fylkesmann. Frå 1948 til 1962 var han skattefut i Finnmark.

Norvik var medlem av Vadsø bystyre 1931–36 og av formannskapet 1947–51. Han var 1950-61 medlem i landsstyret til partiet Høgre. Frå januar 1950 til 1961 representerte han Høgre på Stortinget, den fyrste fireårsbolken frå kjøpstadene i Nordland, Troms og Finnmark, dei to siste valperiodane frå Finnmark 1954–61. Han var 1950-53 sekretær i Sjøfarts- og fiskerikomiteen, 1954-57 formann i Administrasjonskomiteen og 1958-61 medlem i Skog-, vassdrags- og industrikomiteen.

Framom stortingvalet 1961 fekk sonen Erling Norvik fyrsteplassen på Høgre si valliste for Finnmark, og var stortingsrepresentant dei neste tolv åra.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]