Erling Johnson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Erling Johnson
Fødd 7. juni 1893
Kristiania
Død

5. november 1967

Yrke ingeniør, kjemikar

Erling Bjarne Johnson (7. juni 18935. november 1967) var ein norsk ingeniør. Johnson er kjend for å ha utvikla «Oddaprosessen». Denne kjemiske prosessen er anerkjent internasjonalt som viktig i samband med produksjon av kunstgjødsel, men er lite kjend i Noreg. Arbeidet med prosessutviklinga starta i 1920-åra, og har i tida etterpå vorte vidareutvikla.

Johnson var utdanna kjemiingeniør, med eksamen frå Kristiania Tekniske Skole i 1913. Johnson var amanuensis ved kjemisk institutt ved Norges Landbrukshøgskole frå 1913 til 1916, der han var assistent for professor Sebelien. Arbeidet konsentrerte seg om gjødslingsspørsmål.

Frå 1915 til 1921 var Johnson forsøkskjemikar ved North Western Cyanamide Company i Odda, her og med vekt på gjødslingsspørsmål. Statens Råstoffkomité 1921. Kjemisk og teknisk leiar for A/S Monopol malingsfabrikk ved FlorvågAskøy ved Bergen, tillegg til arbeid ved Jakobsens Fabrikker A/S i Oslo frå 1921 til 1924. Sjefskjemikar ved Odda Smelteverk A/S frå 1925. Johnson var truleg den fremste kjemikaren ved Odda Smelteverk. Han vart ved bedrifta til han i 1963 gjekk av for aldersgrensa.

Norsk Kjemisk Selskap si medalje til minne om Guldberg og Waage si massevirkingslov vart innstifta 11. mars 1964 i samband med selskapet si feiring av 100-års dagen for Cato Maximilian Guldberg og Peter Waage si oppdaging av massevirkingslova. Medaljen vert tildelt vert tildelt norske kjemikarar som ei anerkjenning for eit vitskapleg og eller teknisk kjemisk arbeid utført i Noreg. Sjefskjemikar Erling B. Johnson fekk medaljen den 11. mars 1964.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Bassøe, Bjarne: Ingeniørmatrikkelen: norske sivilingeniører 1901-55 : med tillegg, Oslo 1961.
  • Johnson, Erling: Dicyandiamidets innflydelse på Planteveksten (1918). Avhandling prisbelønnet i 1920 av 1905 fondet for Landbruksforskning i Norge.
  • Johnson, Erling: Omkring den nyere utvikling av kunstgjødselindustrien. Nye fremgangsmaater til fremstilling av koncentrerte kunstgjødselblandinger. Foredrag ved det 2. landsmøte for ingeniører M.N.I.F. NIF Bergens avdeling 50 års jubileum, Bergen 22-24 august 1930.
  • Sogner, Knut: The Case of Hafslund and the Odda Process. In Travis, Anthony S. (ed.): Determinants in the Evolution of the European Chemical Industry, 1900—1939 New Technologies, Political Frameworks, Markets and Companies, Dordrecht 1998.