Erling Krogh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Erling Krogh

Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. september 1888
Oslo
Død

28. oktober 1968 (80 år)
Oslo

Yrke operasongar

Erling Krogh (12. september 188828. oktober 1968) i Oslo) var ein norsk operasongar (tenor).

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Krogh vart fødd i Kristiania. Han gjekk på Kristiania Katedralskole til 1905, deretter på Den Kongelige Kunst- og Haandverkskole frå 1905 til 1909. I denne tida, frå 1905 til 1915, arbeidd han som gullsmed. Parallelt studerte han song med Ellen Schytte-Jacobsen. I 1915 drog han til København og Paris for å studere med Peter Cornelius. Seinare studerte han òg Jean de Reszke i Nice 1921.

Debuten som tenor hadde han i 1915, og frå 1918 var han knytt til Opera Comique i tre år. Så leida han Norsk Operaselskap frå 1922 til 1923, og deretter etablerte han sitt eige operaselskap som han dreiv eit år. Men etter kvart vart det mykje reising og han var solist ved Nordisk Musikkfest i Helsingfors 1932, Oslo 1936 og København 1938. Etter 1936 virka han òg som songpedagog i Oslo.

Frå den første plateinnspelinga han gjorde i 1916 varte karrieren hans som plateartist i 40 år. Repertoaret var allsidig, klassiske songar, arbeidarsongar, julesongar. På slutten av karrieren heldt han òg ei rekke kyrkjekonserter.

Roller[endre | endre wikiteksten]

I løpet av karrieren medverka Krogh i over 30 operaer og operetter. Hans yndlingskomponist var Richard Wagner, men han song òg i operaer av andre komponistar. Han gjesta Berlin Staatsoper, Det kongelige teater i København og Stockholmsoperaen. Mellom hans viktigaste roller var

Konsertturneane hans gjekk til Noreg, Sverige, Danmark, Island, Tyskland, Frankrike, Spania og USA. Han var òg med i filmen Madame besøker Oslo og song ofte til stumfilmframsyningar i Oslo.

Heider[endre | endre wikiteksten]

I 1960 fekk Krogh Kongens fortjenstmedalje i gull. Han var æresmedlem i Oslo Håndverker Sangforening frå 1957 og i 1963 vart han tildelt Statens faste stipendium til fortente kunstnarar. Erling Kroghs sangerlegat vart delt ut av Den norske opera til minne om han.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]