Erling Lægreid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Erling Lægreid
Fødd 5. september 1939
Død

25. november 2011

Yrke journalist, skribent

Erling Lægreid (5. september 193925. november 2011) var ein norsk forfattar og journalist tilknytt NRK gjennom fleire tiår. Han er kjend som programleiar, kåsør og kommentator.

Lægreid vaks opp på Årdalstangen i Årdal kommune. Han opplevde den tyske okkupasjonen, då tyskarane byrja bygginga av det som seinare skulle bli Årdal og Sunndal Verk. Lægreid utdanna seg til filolog og tok hovudfag i norsk ved Universitetet i Oslo i 1965. I 1962 var han med på å skipa Riksfondet for nynorsk presse og Dag og Tid. Forutan å skrive om litteratur, film og teater var han tidleg engasjert i den daglege drifta av avisa, og fungerte ei stutt tid som redaktør. Med unntak av to år var han styreleiar i Dag og Tid frå 1967-1989. Frå 2009 og fram til han døydde hadde han ei eiga spalte i avisa kvar han skreiv om personar han hadde møtt gjennom eit langt liv som journalist. Dei siste åra sat han òg som styreleiar i Riksfondet for nynorsk presse.[1]

Lægreid blei tilsett ved NRK i 1970, først i Barne- og Ungdomsavdelinga der han mellom anna var programleiar i Ungdommens Radioavis og fjernsynsprogrammet Flimra. Seinare var han lenge programleiar for Søndagsavisa i P2, og var med på å skapa radiomagasina Ekko og Dagsnytt 18. Lægreid arbeidde dessutan med fleire andre kulturprogram, og bidrog som kommentator og kåsør både i fjernsyn og radio.

Lægreid gav også ut fleire bøker.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

I tidsskrift - eit utval[endre | endre wikiteksten]

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Svein Gjerdåker, Ola Mestad og Ola Relling (2011). «Erling Lægreid 1939-2011». Dag og Tid (48): 16. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]