Erling Moen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Erling Moen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. september 1888
Død

16. august 1977 (88 år)

Yrke teikneserieskapar, skribent

Erling Moen (1. september 188816. august 1977) var ein norsk lærar, offiser og forfattar av teikneseriar, barnebøker og folkekomediar for amatørteater.

Moen var frå Måndalen i Rauma kommune i Romsdal. Han tok utdanning på folkehøgskule, befalsskule og lærarskule. Frå 1916 var han lærar ymse stader. Perioden 1926-51 var han lærar i Holt i Aust-Agder.

Forfattaren Moen debuterte i 1915 med Hermenn : skodespel i fire akter. Seinare skreiv han i alt 11 skodespel, med titlar som Heimebrenning, morospel i ei akt (1921/1923), oppfølgjaren Tømmermenn (1927), Nordigards-kår (1931) og Mikkel rev : Nordigards-komedie i 3 akter (1932). Karakteren Ola Nordigard som han utvikla gjennom desse komediane var frå 1941 til 1944 teikneserie i Nynorsk vekeblad med teikningar av Arne Wold.[1][2] Serien gjekk seinare i bladet Bygdeungdommen. Fonna Forlag gav ut tre teikneseriealbum: Ola Nordigard og jomfru Bertine (1943), Ola Nordigard og Jomfru Bertine Nr. 2 (1945) og Quo vadis Ola Nordigard? (1946).

Moen skreiv også Kjell og andre ungar (1950) som han fekk Kyrkje- og undervisningsdepartementets premiering for. Boka er illustrert av Borghild Rud.

Han gav elles ut reknebøker for folkeskulen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Moen, Eirik. «Erling Moen : forfattar, kritikar, lærar : han sette farge på kvardagen», artikkel i Romsdal sogelags Årsskrift, 1998
  • Sørås, Odd. «Ola Nordigard, ein teikneseriefigur med romsdalsrøter», artikkel i Romsdal sogelags Årsskrift, 1999
  • Norsk Allkunnebok, VIII. bandet, 1957-58
Fotnotar
  1. «www.seriefokus.no», www.seriefokus.no 
  2. «Oversikt nynorske teikneseriar». aasentunet.no. Arkivert frå originalen 13. desember 2007.