Erling Norvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Erling Norvik
Erling Norvik - 1970 - Frits Solvang - Norsk Teknisk Museum - DEX FS 005163.jpg
Fødd9. april 1928
Vadsø
Død31. desember 1998
Oslo
NasjonalitetNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, journalist, redaktør
FarErling Johannes Norvik
MedlemEuroparådets parlamentarikerforsamling

Erling Esbensen Norvik (9. april 192831. desember 1998) var ein norsk pressemann og politikar. Han var formann i partiet Høgre i periodane 1974–80 og 1984–86 og vert særleg hugsa for si driftige rolle under den såkalla «Høgre-bølgja» i slutten av 1970- og fyrst i 1980-åra. Tidlegare var han 1961-73 stortingsrepresentant og 1970-74 generalsekretær i Høgre. Norvik hadde uvanleg kontaktskapande evner og spelte ei avgjerande for å gjere Høgre til eit folkeparti.

Norvik var fødd og oppvaksen i Vadsø i Finnmark, der faren Erling J. Norvik var skattefut. I 1943 flytta han til Oslo og tok eksamen artium ved Kristelig Gymnasium i 1946. År 1947 reiste han tilbake til Finnmark og byrja arbeide i familiefirmaet H.F. Esbensen. Hausten 1948 fekk han stilling som redaktør i Finnmark Tidende i Vadsø. I 1949 var han journalist i Finnmarksposten i Hammerfest, og deretter var han 1950-53 redaktør i Vestfinmarken i Honningsvåg. Norvik var på nytt redaktør i Finnmark Tidende 1953–56. Frå 1956 var han politikar i fulltid, fylkessekretær 1957-61 i Finnmark Høgre. Han var aktiv i lokalpolitikken som medlem av Vadsø bystyre 1956–59 og av Hammerfest bystyre 1960–63.

I 1961 tok Norvik steget over i rikspolitikken som stortingsrepresentant, etter å ha «arva» fyrsteplassen på Høgre-lista i Finnmark etter far sin. Med to attval vart han verande på Stortinget fram til 1973. På Tinget var Norvik nestformann i Protokollkomitéen 1962–65, medlem av Skog-, vassdrags- og industrikomitéen 1965–67 og medlem av Sjøfarts- og fiskerikomitéen 1967–69 og 1972–73 og parlamentarisk nestleiar 1969–71.

Norvik var medlem av sentralstyret i Høgre 1966–70 og 1980–81, fyrste viseformann 1970–72 og generalsekretær 1970–74. I 1974 vart han vald til ny partiformann etter Kåre Willoch, noko han var fram til 1980. I løpet av dei seks åra vart det skipa lokallag av Høgre i alle kommunane i landet. Norvik reiste rundt omkring og pleia partiorganisasjonen gjennom store og små møte. Han var ikkje ein ideologiorientert politikar, men snakka meir om menneske og mindre om system. I 1980 gjekk Norvik av og landsmøtet i Høgre valde Jo Benkow til ny formann.

Etter vel eitt år som redaktør i Sør-Varanger Avis i Kirkenes, kom Norvik tilbake til hovudstaden då Høgre gjorde eit brakval ved stortingsvalet 1981. Kåre Willoch tok over som statsminister, og Norvik fekk stillinga som statssekretær ved Statsministerens kontor med ansvar for presse- og informasjonsarbeid.

Toårsperioden 1984-86 var Norvik på ny formann i Høgre. Han fekk då i 1986 overta fylkesmannembetet i Østfold, ein posisjon han hadde til han runda 70 år i 1998.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]