Erling Petersen
| Erling Petersen | |
| Statsborgarskap | Noreg |
| Fødd | 13. juli 1906 Bærum kommune |
| Død |
29. august 1992 (86 år) |
| Yrke | samfunnsøkonom, politikar |
| Språk | norsk |
| Politisk parti | Høgre |
| Medlem av | Det Norske Videnskaps-Akademi |
Erling Helmer Petersen (13. juli 1906–29. august 1992) var ein norsk samfunnsøkonom og politikar for Høgre frå Bærum, busett i Oslo. Han var professor i økonomi både ved Norges Handelshøyskole og ved Universitetet i Oslo. Petersen representerte partiet Høgre på Stortinget i 20 år; 1954-73. Jan Petersen er brorsonen hans.
Erling Petersen var son til ein offentleg tenestemann. Han tok examen artium i 1925 og vart cand.oecon. (statsøkonomi) frå Universitetet i Oslo i 1927. Frå 1929 arbeidde han i Statistisk sentralbyrå. Han var i tillegg universitetsstipendiat frå 1933 og vart i 1939 dr.philos. med avhandlinga Macro-dynamic Aspects of the Equation of Exchange. I 1942 vart han tilsett som professor ved Norges Handelshøyskole, ein posisjon han hadde til 1952. Sommaren og hausten 1945 var han leiar for pengesaneringa i Noreg, og i åra fram til 1953 var han økonomirådgjevar for Noregs Bank. Petersen var professor i statsøkonomi og statistikk ved Universitetet i Oslo frå 1953 til 1973.
Petersen vart vald til stortingsrepresentant for Høgre frå Oslo hausten 1953. Han vart attvald fire gongar og sat såleis på Stortinget til 1973. I den fyrste fireårsperioden var han medlem i Finans- og tollkomiteen, sidan i 16 år i Utanriks- og konstitusjonskomiteen. Han var landsstyremedlem i Høgre frå 1968 til -71.
Petersen skreiv ei rad bøker om pengespørsmål og historieverk om finansverksemder og anna.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Norsk Allkunnebok. IX. bandet. 1958
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Einskildmenn
- Fødde i 1906
- Døde i 1992
- Norske økonomar
- Professorar ved Universitetet i Oslo
- Professorar ved Noregs handelshøgskole
- Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi
- Stortingsrepresentantar for Oslo
- Stortingsrepresentantar frå Høgre
- Stortingsrepresentantar 1954-1957
- Stortingsrepresentantar 1958-1961
- Stortingsrepresentantar 1961-1965
- Stortingsrepresentantar 1965-1969
- Stortingsrepresentantar 1969-1973
- Folk frå Bærum
- Folk frå Oslo