Erling Pettersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Erling Pettersen
Erling Pettersen portrett.jpg
Erling Pettersen
Foto: Vidar Kristiansen
Fødd 21. februar 1950
Bergen
Tittel Biskop av Stavanger
Periode 2009–2017
Føregjengar Ernst Baasland
Etterfylgjar Ivar Braut
Erling Pettersen på Commons

Erling Johan Pettersen (fødd 21. februar 1950 i Bergen[1]) er ein norsk teolog, prest og biskop i Stavanger bispedøme 2009–2017.[2] Han tok teologisk embetseksamen ved Menighetsfakultetet i 1977 og praktisk-teologisk eksamen i 1979. Same året vart han ordinert til prest. Frå 1977-79 var han tilsett som lærar ved universitetet i Oslo, og var teologisk konsulent ved Diakonhjemmets sosialskole. Frå 1979 arbeidde han som konfirmasjonskonsulent i Kyrkjerådet. I 1985 vart han misjonsprest for Det norske misjonsselskap i Brasil. I perioden 1989-1996 var han instituttstyrar ved IKO. Frå 1996 til 2006 verka han som direktør i Kyrkjerådet. Frå 2006-07 hadde han ei prosjektstilling ved Det praktisk-teologiske seminar. Frå 2007 og fram til bispeutnemninga var han sokneprest i Nordstrand meinigheit i Oslo.

Han har vore styreleiar i misjonsorganisasjonen Areopagos, styremedlem i Det praktisk-teologiske seminar, og leidde utforminga av KRL-faget i 1994-95.[3]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «ERLING J. PETTERSEN (59) Sokneprest i Nordstrand, Oslo» (CV). Henta 20. juni 2009.  Sjekk datoverdiar i |besøksdato= (hjelp)
  2. «Biskop Erling J. Pettersen går av». Aftenbladet. 8. juni 2016. Henta 3. oktober 2017. 
  3. Gunnar Morsund, Mari Rollag Evensen (19.06.2009). «Erling Pettersen er ny biskop». NRK Rogaland. Henta 20. juni 2009.  Sjekk datoverdiar i |besøksdato= (hjelp)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]