Erling Steinvegg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Erling Steinvegg
Fødd12. hundreår (juliansk)
Død1207
BarnSigurd Ribbung

Erling Magnusson Steinvegg Baglarkonge var baglarane sin kandidat til å vera norsk konge i tida frå 1204 til 1207. Etter deira meining var han son av kong Magnus V Erlingsson. Baglarane fekk stønad av danskekongen Valdemar II Sejr. Kong Valdemar møtte i Tunsberg med stor krigsflåte. Erling Steinvegg bar jernbyrd for å visa at han var av kongeleg ætt. Baglarane sette seg i Vika kring Oslo, og gjorde hærtog opp mot Nidaros. Erling Steinvegg døydde i mars 1207, og Filippus Simonsson fekk rolla som nytt kongsemne for baglarane.

I borgarkrigstida var det vanleg at fleire kongssøner kjempa mot kvarande om makta i Noreg.

Sigurd Ribbung, som Ribbungane hadde som kongsemne, var rekna som son av Erling Steinvegg.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]