Erling Stordahl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Erling Stordahl

Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. august 1923
Død

31. oktober 1994 (71 år)

Yrke musikar, songar
Språk norsk
Medlem av Engedahl/Stordahl
Erling Stordahl på Commons

Erling Stordahl (fullskrift og enkel el. normal kortskrift: ⠠⠑⠗⠇⠊⠝⠛⠀⠠⠎⠞⠕⠗⠙⠁⠓⠇; utvida kortskrift: ⠠⠱⠇⠊⠝⠛⠀⠠⠴⠕⠗⠙⠁⠓⠇; (1. august 192331. oktober 1994) var ein norsk gardbrukar, musikar og pionér for handikapidrett. Stordahl voks opp på garden Storedal i Skjeberg, der han var odelsgut. Han vart fødd med synsskadar, og vart heilt blind i 13-årsalderen.

Han tok examen artium i 1943 og organisteksamen i 1947. I tida som fylgde var han gardbrukar og musikar. Stordahl vart noregsmeister i trekkspel i ungdomen og spelte inn mange songar saman med musikaren Gunnar Engedahl, som også var blind. Dei to reiste på turnéar saman i 20 år, og lét inntektene gå til Norges Blindeforbund. I 1956 gav Stordahl ut samleplata De ti beste slagere.

Ridderrennet og Beitostølen Helsesportsenter[endre | endre wikiteksten]

I 1953 gifte han seg med Anna, og dei bygde huset Bamseli i Beitostølen i Valdres saman, som dei fyrste fastbuande. Her fekk Stordahl idéen om å laga til eit skirenn for blinde, og tanken vart realisert med Ridderrennet som vart arrangert fyrste gongen i 1964. Kvar blind deltakar delte spor med ein sjåande. Frå då av har rennet vorte arrangert årleg, og samlar hundrevis av deltakarar frå inn- og utland. Kong Olav V var rennet sin høge beskyttar, Dronning Sonja har vore til stades i mange år, og rennet har fått mykje PR. Om somrane vert det arrangert eit sykkelløp for blinde, ved namn Ridderrittet.

Beitostølen Helsesportsenter vart starta opp av Stordahl i 1966, og vart raskt utbygt med pengestønad frå ein Røde Fjær-aksjon av Lions Club. Stordahl var direktør for senteret frå 1970 til 1993. Stordahl var initiativrik, og arrangerte ride- og botaniseringskurs for ungdom leia av Olav Gjærevoll. Stordahl laga også verdas fyrste hoppbakke for blinde. I dag har helsesportsenteret utvikla rehabiliterings- og behandlingsopplegg for mange nye typar handikap.

Storedal Kultursenter[endre | endre wikiteksten]

I 1957 gav Stordahl ut sjølvbiografien Stien over fjellet. En livsskildring. Same året tok Stordahl over farsgarden i Skjeberg, der Magnus Blinde vart fødd, ca. i 1117. Då ynskte han å laga eit monument over kong Magnus samt eit kultur- og undervisningssenter for blinde. Senteret vart opna i 1970 av dåverande kronprins Harald. Det finst ein lydskulptur kalla Ode til lyset utført av Arnold Haukeland og med musikk av Arne Nordheim, og eit amfiteater der ein m.a. framfører dramaet Fra mørke til lys. Kong Magnus den blindes kamp, skrive av Stordahl sjølv. Storedal Kultursenter har etter kvart blitt forma til eit kulturanlegg for oppleving av natur og kunst for alle, men særskilt tilrettelagt for synshemma.

Æresprisar[endre | endre wikiteksten]

Erling Stordahl mottok ei lang rekkje heidersordenar. I 1975 vart han tildelt Peer Gynt-prisen. I 1981 mottok han Norsk kulturråds ærespris for innsatsen han hadde gjort for handikapidrett. I 1966 vart han utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden, i 1994 vart han forfremja til kommandør. Same året døydde han den 31. oktober i Oslo, 71 år gamal. Som ein heider for arbeidet sitt for dei funksjonshemma, kunst og kultur vart han gravlagt på Staten si rekning og fekk eigen gravstad på garden Storedal.

I testamentet til Erling og Anna Stordahl stod det at det skulle byggjast eit kapell på Beitostølen. 31. oktober 2000 vart Lyskapellet vigsla av biskop Rosemarie Köhn. Erling Stordahls ærespris har fått namn etter han.

Sitat av Erling Stordahl[endre | endre wikiteksten]

  • «Livet er kva tankane dine gjer det til.»
  • «Me vandrar alle i myrkret. Somme fordi dei ikkje ser med augo, somme fordi dei ikkje ser med tankane. Dei fleste av oss fordi me ikkje ser kvarandre.»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]