Erling Winsnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Erling Winsnes
Fødd3. februar 1893
Død2. november 1935
NasjonalitetNoreg
Yrkeskribent

Erling Winsnes (3. februar 18932. november 1935) var ein norsk «sosialøkonom og publisist, nasjonalist og kosmopolitt, draumar og rabulist, livsdyrka og fanatisk moralist, vittig paradoksmakar og grublande filosof.»[1]

Winsnes vart fødd i Oslo. Han er av fleire blitt karakterisert som «høgreradikalismens 'profet' på 1920-talet». Han vert rekna som «ein av profetane i Ragnarok-miljøet. I skriftene Til en ukjent Gud og Den neste stat argumenterast det for innføringa av ein moderne biologisk forankra religion.[2]

I boka si Den næste stat frå 1924 fremmer Winsnes, som den første, ideen om ei Arbeidsteneste slik denne seinare vart realisert av Nasjonal samling under andre verdskrigen.[3][4]

Frå si tid i Det Norske Studentersamfund, der han òg var leiar, pleia Winsnes vennskapen med Sigurd Hoel.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Emberland, Terje & Bernt Rougthvedt: Det ariske idol: forfatteren, eventyreren og nazisten Per Imerslund. Aschehoug 2004.
  • Emberland, Terje: Religion og rase: nyhedenskap og nazisme i Norge 1933-1945. Humanist forlag. Oslo 2003
  • Strand, Tor: Vår vei heter Nordveien, Norge, en bok om Erling Winsnes. Gyldendal, 1945.
  • Av og om Erling Winsnes. Redaksjon: Helge Krog, Sigurd Hoel, Sigurd Winsnes. Cappelen, 1955.
  • Smørdal, Einar Erling Winsnes (1893-1935). Hovudfagsoppgåve - Universitetet i Oslo, 1992
  • Larsen, Ole Jan. Det norske evangelium : Erling Winsnes og norsk rasetenkning. Hovedoppgåve i idéhistorie - Universitetet i Oslo, 1996

Av Winsnes[endre | endre wikiteksten]

  • Til en ukjendt Gud, slegternes vekst, blomstring og undergang. Cammermeyer, 1919
  • Økelæren : Socialøkonomien som samfundsonde. Gyldendal, 1921
  • Den næste stat. Gyldendal, 1924
  • Veien vi ikke gaar Aschehoug, 1926
  • Strandhugg. Aschehoug, 1928
  • Sagadagen gryr. 1934
  • «Fareloven og Norge» I: Norsk skrivekunst, en essay-antologi. Redigert av Erling Nielsen. Cappelen, 1958 og 1970. Bokklubben, 1986 ISBN 82-525-1302-6

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sitat frå Houm, Philip. Norges litteratur fra 1914 til 1950-årene. Aschehoug, 1955. Side 54
  2. Jørgen Haavardsholm. «Ville radikalisere Nasjonal Samling». forskning.no. 
  3. Arne R. Haraldstad. Arbeidstjenestens organisering i Norge.
    Pdf: http://www.norgesdokumentasjon.no/rapporter/6-ARBEIDST.PDF?PHPSESSID=152e7c26acafe03a16bf935bd4ff1127
  4. Bondehøvdingen Johan Mellbye roste boka i ein tale i 1925, jf. http://virksommeord.uib.no/taler?id=902

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]