Erna Schøyen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Erna Schøyen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. mars 1887
Kabelvåg
Død

21. desember 1968 (81 år)

Yrke skodespelar
Ektefelle Thor Hiorth Schøyen
Erna Schøyen på Commons

Erna Kamilla Schøyen (fødd Erna Kamille Berg, 1. mars 188721. desember 1968) var ein norsk skodespelar med ei utstrekt verksemd både på teaterscene og i film. På teateret hadde ho òg songroller.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Fødenamnet hennar var Erna Kamille Berg. Ho voks opp i Kabelvåg som dotter av bokhandlaren Ørger Johannes Berg (f. 1860) og Kamilla Benjaminsen (f. 1865).[1] Ho gifta seg 19. juni 1910 med zoologen Thor Hiorth Schøyen (1885–1961).[2] Dei fekk dottera Vivi Schøyen, som var var skodespelar og mor til kulturjournalisten Hege Duckert.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Erna Berg var skodespelarelev ved Nationaltheatret 1905-06 og fekk debuten sin ved Fahlstrøms teater den 1. september 1906, i rolla som Suzet i stykket Vor Ven Fritz. Om prestasjonen hennar den fyrste kvelden skreiv Morgenbladet blant anna: «En indtagende Suzet var Frøken Erna Bergs. Hun tog ved sit Ydre og ved sitt naturlige Spil rettelig den største Del af Aftenensn Sukces.»

Ho vart verande ved Fahlstrøms teater til det blei lagt ned i 1911. I avskjedsførestillinga den 30. august 1911 spelte ho Dina Dorf i Samfundets Støtter. Deretter vart ho tilsett ved Centralteatret, der ho arbeidde til 1959. Ho var ved Chat Noir i åra 1920–1924.

Erna Schøyen medverka òg i eit titals filmar, blant anna nokon av dei fyrste stumfilmane. I 1917 hadde ho hovudrolla i den danske Under Kjærlighedens Aag, og i norske avisannonsar for denne filmen vart ho marknadsført som trekkplaster. Då Alice i Eventyrland vart den første Disney-filmen med norsk tale i 1950, var ho ein av dei norske stemmeskodespelarane. Som nordlending brukte ho barndomsdialekten sin barndom då ho spelte bestemora til pensjonatskuleeleven Bodø i ein Stompa-film. Schøyen var aktiv som skodespelar til ho var nærare 80 år gammal.

Schøyen bidrog i òg NRK sine litteraturopplesingsprogram på radio.

Teaterroller i utval[endre | endre wikiteksten]

  • Suzet i stykket Vor Ven Fritz (Fahlstrøms teater, 1906)
  • Snehvide i eventyroperaen Snehvide av Chr. Ursin (Fahlstrøms teater, 1907)[3]
  • Molly i Geisha (Fahlstrøms teater, 1908)[4]
  • Mina i Jomfru Hook van Holland av Paul M. Rubens (Fahlstrøms teater, 1909)[5]
  • Dina Dorf i Samfundets Støtter av Henrik Ibsen (Fahlstrøms teater, 1911)
  • Grace Tyler i Kontanter av James H. Montgomery (Centralteatret, 1915)[6]
  • Eva i Det svarte Faar av Svend Rindom (Centralteatret, 1919)[7]
  • Margarite i Madame Sherry (Chat Noir, 1920-1921)[8]
  • Madam Salvesen i Baldevins Bryllup av Vilhelm Krag (Chat Noir, 1921)[9]
  • Annie Jashikoff i Katharina II (Centralteatret, 1925)[10]
  • Ellen i Flammedanserinnen av Ernst Bach og Franz Arnold (Centralteatret, 1927)[11]
  • Christina i Eventyreren foran porten av Milan Begovic (Centralteatret, 1929)[12]

Filmar[endre | endre wikiteksten]

  • 1916 – Under Kjærlighedens Aag
  • 1917 – Synd skal sones
  • 1917 – Livets gøglespil
  • 1917 – Hjertetyven
  • 1936 – Vi vil oss et land...
  • 1940 – Tørres Snørtevold
  • 1941 – Hansen og Hansen
  • 1943 – Sangen til livet
  • 1943 – Den nye lægen
  • 1944 – Kommer du, Elsa?
  • 1946 – To liv
  • 1948 – Trollfossen (film)
  • 1949 – Svendsen går videre
  • 1951 – Vi gifter oss
  • 1956 – Kvinnens plass
  • 1959 – Hete septemberdager
  • 1960 – Venner (film)
  • 1961 – Den store barnedåpen (TV)
  • 1961 – Et øye på hver finger
  • 1962 – Stompa & Co
  • 1963 – Kranes konditori (TV)
  • 1964 – Alle tiders kupp
  • 1964 – Klokker i måneskinn
  • 1965 – Hjelp – vi får leilighet!

Stipend og legat[endre | endre wikiteksten]

  • 1918: Kunstnarstipend på kr. 500,-

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. omtale fra danskefilm.dk
  2. «Thor_Hiorth_Schøyen» i Store norske leksikon, snl.no.
  3. Moss Tilskuer 1907.12.07. 1907. s. 1. 
  4. Fredriksstad Tilskuer 1908.11.07. 1908. s. 2. 
  5. Romsdals Amtstidende 1909.04.28. 1909. s. 2. 
  6. Middagsavisen 1915.08.12. 1915. s. 3. 
  7. Middagsavisen 1919.02.21. 1919. s. 1. 
  8. Demokraten 1921.05.25. 1921. s. 1. 
  9. Demokraten 1921.05.25. 1921. s. 1. 
  10. Middagsavisen 1925.08.25. 1925. s. 2. 
  11. Arbeiderbladet 1927.02.16. 1927. s. 5. 
  12. Arbeiderbladet 1929.02.02. 1929. s. 5. 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Jensson, Liv (1981). Biografisk skuespillerleksikon. Universitetsforl. s. 155. ISBN 8200056228

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Erna Schøyen