Ernie Brandts

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ernie Brandts

Ernstus Wilhelmus Johannes Brandts, kjend som Ernie Brandts, (fødd 3. februar 1956) er ein nederlandsk tidlegare fotballspelar som i 1978 var med å vinne UEFA-cupfinalen for PSV Eindhoven og nokre veker seinare fekk VM-sølv med Nederland sitt landslag under VM i fotball 1978.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Forsvarsspelaren Brandts seriedebuterte for De Graafschap i 1975 og var aktiv i laget til sommaren 1977. Dei neste ni sesongane tok han plass i forsvarsrekka til topplaget PSV Eindhoven. I sin fyrste sesong i PSV var Brandts med på å sikre klubben seriemeistertittelen og han deltok då PSV avslutta jubelsesongen 9. mai med siger 3-0 over franske SC Bastia i UEFA-cupfinalen. År 1986 vart Brandts seriemeister for andre gong med PSV. Straks etter gjekk turen vidare til Roda, deretter spelte han ein halv sesong i Maastricht. Sidan gjorde han teneste 1989-91 i belgiske Ekeren. Han avslutta 17 år med toppseriespel med ein siste sesong i De Graafschap.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Brandts deltok i 28 landskampar i tida 1977-85. Han fekk plass i troppa til Fotball-VM 1978 i Argentina, der han òg var mellom dei 11 nederlendarane som møtte vertslandet til finalekamp. Kampen gjekk til ekstraomgangar og enda med tap 1-3 for Brandts og lagkameratane hans. Han stod for fem landslagsmål, dei to fyrste kom under nemnde verdsmeisterskap.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]