Ernst Josephson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ernst Josephson

Statsborgarskap Sverige
Fødd 16. april 1851
Stockholm
Død

22. november 1906 (55 år)
Stockholm

Yrke kunstmålar, lyrikar
Språk svensk
Far Ferdinand Semy Josephson
Ernst Josephson på Commons
Strömkarlen, 1884

Ernst Josephson (16. april 185122. november 1906) var ein svensk kunstmålar og poet.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Josephson var fødd i Stockholm i ein borgarheim. Faren var jurist. Seksten år gammal byrja sonen på kunstakademiet, der han studerte i tida 1869-76. Deretter fylgde studiar i mellom anna Paris og Nederlanda. Allereie som tjueåring erklærte han i ein berømt uttale: «Jag ska bli Sveriges Rembrandt eller dö». År 1876 vart Josephson tildelt ein kongeleg medalje for måleriet Sten Sture den äldre befriar drottning Kristina av Danmark ur Vadstena klosterfängelse.

Josephson pådrog seg syfilis allereie i unge år. Kjærleikslivet var lite lykkeleg og meisterverket Strömkarlen, som han gjennom 1880-talet måla fleire versjonar av, vart refusert av Nationalmuseum. Prins Eugen, målarprinsen, som sjølv var kunstnar, kjøpte biletet. Han hjelpte mange samtidige kunstnarar økonomisk, gjennom å kjøpe inn verka deira til heimen sin på Waldemarsudde. Prinsen let Strömkarlen (1884) få ei fast plassering og sidan har det aldri forlate Waldemarsudde.

Sommaren 1888 var Josephson på øya Bréhat i Bretagne. Der vart han oppteken av spiritisme og fekk religiøse vrangforestillingar så som at han trudde han var Gud og Kristus. Nokre månader seinare vart han lagt inn på sjukhus i Uppsala. Diagnosen var paranoia, som i dag motsvarar schizofreni. Etter nokre månader vart han utskriven, og flytta så småningom til Stockholm der to damer stelte han til han døydde i 1906.

Under spirituell transe laga Josephson visjonære dikt og måleri, underteikna med døde målarar sine namn. Mellom verka finst lyriske og inderlege linjeteikningar og måleri. Nokre av Josephson sine viktigaste verk, til dømes Gåslisa (omkring 1890), diktsamlingane Svarta rosor (1888) og Gula rosor (1896), kom medan han var sjuk.

På 1890-talet fekk Ernst Josephson oppreising som kunstnar. Eit par tiår seinare kom gjennombrotet for det modernistiske synet på Josephson sin sjukdomskonst, ein kunst som til liks med Carl Fredrik Hill sin kunst inspirerte mange svenske målarar i den ekspresjonistiske stilen. Frisk var Josephson kjend for sine oljemåla portrett. Sjukdomskunsten var dominert av historiske motiv og bilete frå segner og mytar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]