Ernst Leonard Lindelöf

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ernst Leonard Lindelöf (7. mars 18704. juni 1946) var ein finsk matematikar.

Frå 1903 til 1938 var han professor i Helsingfors. Han medverka sterkt til utviklinga til matematikken i Finland. Læreboka hans Inledning till den högre analysen vart tidlegare mykje brukt ved skandinaviske universitet. Den vitskaplege innsatsen hans ligg særleg innanfor kompleks funksjonsteori, der han grunnla ein særs viktig skule.

I 1929 var han æresdoktor ved Universitetet i Oslo ved Abelminnefesten.