Ernst Stückelberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ernst Stückelberg
Stückelberg2.jpg
Fødd 21. februar 1831
Basel
Død

14. september 1903
Basel

Yrke kunstmålar

Ernst Stückelberg (21. februar 183114. september 1903) var ein sveitsisk målar, ein av dei mest populære i samtida. Mellom dei mest kjende verka hans er freskane i Tellskapellet i Uri og portrettet Jenta med øgla frå 1884.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Stückelberg vart fødd inn i ei aristokratisk familie i Basel. Etter faren døydde tidleg, tok ein arkitektonkel ansvar for utdanninga hans. På gymnaset vart Stückelberg undervist i teikning av Hieronymus Hess. Etter avslutta skulegang gjekk han i lære hos portrettmålaren Johann Friedrich Dietler i Bern. År 1850 studerte han ved akademiet i Antwerpen under Gustave Wappers. Frå 1853 studerte han så i tre år ved kunstakademiet i München, der han i 1855 laga eit av sine mest kjende historiemåleri: Melchtal ber heim den blinda faren.

'Sappfo', 1897
'Den siste riddaren av Hohenrätien', 1883

Åra 1856 til -59 budde og arbeidde Stückelberg i Roma. I 1860 flytta han til Zürich, der han møtte og vart venn med Rudolf Koller, Gottfried Keller, Friedrich Vischer og Conrad Meyer. Frå 1862 budde han i Basel.

Stückelberg kjøpte i 1871 villaen Erismannshof i Basel, der han måla ei mengd freskar. I 1877 vann han konkurransen om å dekorere Tellskapellet ved Urnersee. Kapellet vart innvigd 24. juni 1883 og Stückelberg og vart utnemnd til æresdoktor på universitetet i Zürich. Parallelt med arbeidet på Tellskapellet måla Stückelberg i 1883, på oppdrag frå Peter Conradin von Planta, eit av sine mest kjente verk: Den siste riddaren av Hohenrätien. Etter systera hans døydde i 1890 laga Stückelberg få verk.

Stückelberg viste arbeida sine både på nasjonale og internasjonale utstillingar og mottok fleire prisar og heidersteikn. I 1901, på hans syttiande bursdag, opna ei jubileumsutstilling i Kunsthalle Basel.

Stückelbergs kunst var underlagt ein strengt hierarkisk orden, med sjanger-, portrett - og landskapsmåling i rekkefylgje. Biletkunsten hans vart skildra som ærleg, modig og folkeleg.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]